Oppgåve
Påverknad på naturen
Vurder korleis jeger- og sankarsamfunnet og overgangen til jordbrukssamfunnet påverka naturen.
- Kva slags påverknad hadde jeger-/sankarsamfunnet på naturen samanlikna med jordbrukssamfunnet?
- Med tanke på det du no har lese om desse tidlege samfunna; ville du levd som jeger/sankar eller jordbrukar? Kvifor meiner du dette? Noter ned nokre stikkord for deg sjølv før du diskuterer med sidemannen.
Diskuter i grupper:
- Drøft kva betydning overgangen til jordbrukssamfunnet hadde for menneska.
- Kva betydning hadde denne overgangen på eit berekraftig samfunn? Kan vi snakke om berekraft allereie i denne perioden? Kva synest de?