Bør du ha kjøttskam? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bør du ha kjøttskam?

Produksjon av kjøtt bidreg til utslepp av klimagassar. Somme meiner derfor at vi bør ete mindre kjøtt – kanskje til og med kutte det ut. Andre meiner folk må få ete det dei vil, og at å påføre andre såkalla "kjøttskam" er feil veg å gå.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du først utforske dine eigne og klassen sine haldningar til det å ete kjøtt. Så skal du tileigne deg kunnskap om kjøtt og klimagassutslepp. Noter stikkord i kvar del av oppgåva, for denne kunnskapen treng du når du heilt til sist skal skrive om emnet.

Del 1

  1. "Vi må ete mindre kjøtt!" Kva meiner du om denne påstanden? Grunngi.
  2. Spør sidemannen kva hen meiner. Lytt utan å argumentere mot eller med.
  3. Sjå på debattprogrammet "Einig" fram til 4:41. Her diskuterer deltakarane om vi bør få dårleg samvit av å ete kjøtt. Kven av debattdeltakarane er du mest einig med?

Del 2: Kjøtt og klimagassutslepp

Finn ut korleis kjøttproduksjon påverkar klimaet. Noter ned det du finn ut. Hugs å ta vare på lenkja eller lenkjene du tek informasjonen frå. Då kan du vise til kjelda i teksten du skal skrive til slutt.

Tips! Du kan kommentere truverdet til ei kjelde når du argumenterer for eller imot kjøttskam. Gjer du det på ein god måte, kan det styrkje ditt eige truverd. Kven står bak informasjonen? Er avsendaren påliteleg, argumenta saklege og påstandane etterprøvbare?

Del 3: Kor mykje kjøtt et vi eigentleg?

Undersøk statistikk og andre kjelder som kan gi svar på dette:

  1. Kor mykje kjøtt et vi i Noreg? Kva med andre delar av verda?
  2. Kor stor del av klimagassutslepp i Noreg og verda kjem av kjøttproduksjon?

Kva seier svaret om korleis ressursane er fordelte i verda? Endrar informasjonen du finn, di eiga meining om vi bør kjenne på kjøttskam?

Del 4:. Diskuter kjøttskam

Diskuter desse påstandane i grupper:

  • Eg et kjøtt heilt utan dårleg samvit.
  • Vi bør ikkje ete kjøtt meir enn éin gong i veka.

Del 5: Skriv ei drøfting eller eit lesarinnlegg

No kan du velje mellom ei av oppgåvene. Nedst på sida finn du tips til korleis du kan løyse oppgåva:

  1. Drøft problemstillinga "Bør vi ha dårleg samvit for å ete kjøtt?"
  2. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer for at vi må ete mindre kjøtt for å redde klima.
  3. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer mot at vi må ete mindre kjøtt for å redde klima.

Tips til drøfting

  1. Start med å lese deg opp på saka. Du kan fine gode ressursar på eiga hand, eller trykkje på knappen "ressursar" i argumentsskjemaet under. Her finn du tre lenkjer til kjelder som kan gi deg argument både for og mot det å ete kjøtt.
  2. Diskuter med medelevar. Kan du få tips og inspirasjon av dei? Dette gjeld særleg om dei har eit anna syn på saka enn deg.
  3. Skriv!

Tips til lesarinnlegg

  1. Skriv ned ei setning først, der målet ditt med dette lesarinnlegget kjem klart fram. Det kan hjelpe deg med å halde deg til den raude tråden i innlegget: "Målet mitt med dette lesarinnlegget er å ..."
  2. Skriv ned dei viktigaste argumenta dine i eit tankekart rundt eller under setninga. Pass på at argumenta faktisk støttar opp om akkurat det som er målet med lesarinnlegget.
  3. Eit godt triks for å overtyde er å tale både til hjartet og hovudet. Det vil seie at du bør kombinere fornuftsargument med argument som speler på kjensler. Viss du skriv ned kjelder du vil bruke i lesarinnlegget ditt, kan du vise til tal og fakta. Då vil du ha meir truverd enn om du berre skriv "Vi må slutte å ete kjøtt for å redde planeten."

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021