Hopp til innhald
Fagartikkel

Kan og bør vi produsere all mat økologisk?

Økologisk matproduksjon er meir miljøvenleg enn konvensjonelt landbruk, men er det meir berekraftig? Er økologisk produksjon ein garanti for betre dyrevelferd, og kan vi produsere nok økologisk mat til den aukande befolkninga i verda?

Økologisk matproduksjon

Det er så mange meiningar om økologisk matproduksjon. Nokon hevdar det er betre for dyra. Nokon seier det er sunnare for menneska, mens andre seier det ikkje er forsvarleg om alle munnar skal mettast. Vi har bede tre forskarar ved NMBU om å dele tankane sine om økologisk matproduksjon.

Krinsløp på garden

I konvensjonelt landbruk blir det nytta kunstgjødsel, men desse ressursane er ikkje uavgrensa i all framtid.

– Fosfor som blir nytta i kunstgjødsel, er ein ikkje-fornybar ressurs som vi snart er tomme for. I økologisk produksjon skjer gjødsling ved bruk av husdyrgjødsel, kompost eller grøngjødsel, og plantenæringsstoffa går dermed mest mogleg i krinsløp på garden, forklarer professor Morten Jerven.

Økologisk jordbruk gir som oftast mindre avlingar, og bøndene produserer mindre mat på same areal. I i-land er avlingane i økologisk produksjon lågare, men i u-land er det ofte motsett.

– Småbønder i u-land kan oppnå betre avlingsresultat viss dei lærer seg meir om bruk av lokale fornybare ressursar, seier Jerven.

Miljøomsynet er tydeleg, men kva med mengda mat?

Befolkninga i verda aukar, og vi må produsere meir mat på dei areala vi allereie har. Det er rett og slett ikkje meir jordbruksareal på kloden. For å gi best og størst mogleg avling, treng plantene vatn, næring og vern mot skadegjerarar.

– Næringstilførselen til plantene er ei stor utfordring i økologisk planteproduksjon, og i stor skala er det berre mogleg å oppnå 70 til 80 prosent av avlingsnivået til konvensjonell drift. Det betyr at om heile verda skulle leggje om til økologisk, ville vi trenge å auke jordbruksarealet med minst 30 prosent. Det arealet har vi ikkje, seier professor i planteproduksjon Morten Lillemo.

Dyrevelferd

Regelverket for dei ulike husdyrproduksjonane spesifiserer krava til dyrevelferd. Det kan vere meir plass per dyr, at dei skal ha noko å aktivisere seg med, at dei skal ha eit tørt, trekkfritt og mjukt liggjeunderlag på kvileplassen eller at dei har tilgang til uteareal. Regelverket er styrande for velferda til dyra, og det er derfor ikkje nødvendigvis nokon forskjell i dyrevelferda om produksjonen er økologisk eller ikkje.

Professor i dyreåtferd og dyrevelferd, Inger Lise Andersen, meiner det er få eller ingen dyrevelferdsmessige fordelar med økologisk produsert mjølk frå ku i forhold til konvensjonell mjølkeproduksjon. Høner i økologisk landbruk har det derimot betre.

– Sidan kravet er færre dyr og meir plass i hønsehuset og tilgang til eit uteareal for hønene, gir økologisk eggproduksjon ei betre dyrevelferd enn konvensjonell drift. Det føreset at uteområdet er tilrettelagt for at hønene skal trivast ute, seier ho.

Denne artikkelen vart første gong publisert på www.nmbu.no 12. januar 2021. Gitt att med løyve.