Oppgave
Mindre matkasting!
Kastar du mat som har gått ut på dato utan å sjekke han først? I denne oppgåva kan du auke forståinga di for merking av mat og handtering av matrestar slik at du kastar mindre mat.
- Gå inn på nettsida til Mattilsynet om haldbarheitsmerking av matvarer og gjer deg kjent med innhaldet der. Bruk døme til å forklare forskjellen på best før og siste forbruksdag.
Kva blir meint med "best før, men ofte god etter"?
- Kva matvarer kan du bruke etter at datostemplinga er passert?
- Kva kan du bruke desse matvarene til?
Sjekk haldbarheitsdato på maten i kjøleskapet heime.
- Noter ned produkt og datostempling.
- Kva for nokre av desse produkta trur du må kastast når haldbarheitsdatoen er passert?
Dra i ein butikk og sjekk datostempling på ti ulike matvarer. (Spør de som jobber i butikken om lov, før dere setter i gang).
- Kva produkt har lang haldbarheitsdato?
- Finn du varer som har gått ut på dato? Kva varer er det, og kva gjer du med det?
- Kva gjer butikken for å unngå matsvinn?
- Kva rutinar har du når det gjeld handtering av matrestar heime hos deg?
Korleis skal matavfall kastast
- der du bur?
- der du har vore i praksis?
- Korleis går handteringa av matavfall føre seg i kommunen din?
Lag ein plan for eige kjøleskap heime når det gjeld reglar for å opne nye produkt.
- Kor mykje pålegg, mjølk, kjøtdeig, yoghurt og frukt er det i kjøleskapet ditt?
- Kva reglar ville du laga for deg sjølv eller dei du bur saman med?