Mat og berekraft
I Noreg var dei første menneska jegerar og sankarar, som skaffa det dei trong av fisk og kjøtt. Viss vi ser på kosthaldet, vil det nok for dei fleste ha vore basert mykje på fisk, sjølv om dei òg jakta på storvilt.
Seinare gjekk ein gjennom ein overgang til jordbruket, begynte å dyrke ulike matplantar, og tamde dyr til husdyr.
Viss du skulle funne ut av kva som var den mest berekraftige måten å skaffe seg mat på i dei tidlege samfunna, korleis ville du gått fram?
Det er mange faktorar som påverkar om noko er berekraftig eller ikkje.
Jobb saman i små grupper, og vel noko ved dei tidlegare samfunna og måten dei skaffar mat på som de ønskjer å finne ut meir om.
De kan til dømes finne ut meir om
- jakt på vilt
- fiske
- sanking av plantar til mat
- behov for trevirke til oppvarming, fyring og bygging
- jordbruksproduksjon – korndyrking
Finn ut kva som skulle til for å drive berekraftig, og sjå om de klarer å samanlikne med i dag.