Gå i djupna på temaet klimaflyktningar
I utdraget frå romanen Blå er året 2041. David og dottera Lou er på flukt på grunn av ei langvarig tørke. Tørka er skapt av klimaendringar som har gjort Sør-Europa til ein stad det nesten er umogleg å bu. Det er høge temperaturar og vassmangel. David og Lou leitar etter mora til Lou, og broren August. Dei blei skilde frå kvarandre under flukta.
Relatert innhald
- Flyktningleiren som du les om i utdraga, ligg i Frankrike. Kor såg du for deg at denne leiren låg då du las teksten?
- Kven er eg-personen i dette utdraget?
- Forfattaren bruker både dialog og indre monolog som forteljarteknikkar i dette utdraget. Finn døme på begge i teksten. Korleis markerer forfattaren dialogen i teksten? Og korleis markerer ho den indre monologen?
- Tenk først på kva du treng vatn til i løpet av ein vanleg dag. Korleis hadde kvardagen vore om du hadde mangla vatn? Del svara dine med ein medelev.
- Kvifor blir David så bekymra når han ser at vasstankane berre er halvfulle?
- Er det sannsynleg at Sør-Europa blir ramma av tørke og vassmangel i 2041? Gjer eit nettsøk og sjå om du finn gode kjelder som støttar denne framstillinga av framtida.
- Del og diskuter det du fann ut i nettsøket ditt med ein eller fleire medelevar.
- Kva trur du skjer vidare i boka, etter denne siste linja?
Men med ett var det noen som skreik og overdøva alt. “Ungen! Nei!”
Skriv ein kort tekst (ca. 800 teikn) der du beskriv livet i ein flyktningleir.
- Bruk eg-forteljar.
- Bruk både dialog og indre monolog for å framstille handlinga.
- Sjå musikkvideoen "Menneska" som det er lenkja til nedanfor.
- Tenkjeskriv i tre minutt om tankar og kjensler videoen vekkjer i deg.
- Kva tolkar du som hovudbodskapen til denne musikkvideoen?
- Diskuter: Gir videoen deg nokon nye perspektiv på utdraget frå Blå, og omvendt?
Reglane for tenkjeskriving:
Du må skrive samanhengande i tre minutt. Ingen andre enn du skal lese det du skriv. Viss du ikkje veit kva du skal skrive, skriv du akkurat det – til du kjem på noko anna å skrive. Ikkje les det du skriv undervegs medan dei tre minutta løper. Ikkje slett eller stryk ut noko.
Relatert innhald
- Kva er likskapar og forskjellar mellom menneske som er på flukt i dag og David og Lou i Blå?
- Gjer eit nettsøk der du ser etter samanhengen mellom klimaendringar og flyktningar i dag. Kvar flyktar dei frå? Kvar flyktar dei til?
- Diskuter: Korleis kan vi hjelpe klimaflyktningane både i dag og i framtida?
Vel ein av desse:
- Skriv ein fagartikkel om klimaflyktningar no og i framtida.
- Skriv ei novelle eller eit essay om klimaflyktningar no og i framtida.