Hopp til innhald
Oppgåve

Tilbakekoplingsmekanismar

Når aukinga i den globale temperaturen passerer eit visst punkt ("tipping point"), kan såkalla tilbakekoplingsmekanismar bli sette i gong. Finn ut kva dette er, kvifor det angår deg, og korleis dette heng saman med issmelting, skyer og metan.
Video: Leidar / CC BY-NC-SA 4.0

Etter å ha sett filmen:

  1. Kva er Parisavtalen?
  2. Kva for konsekvensar kan 2° oppvarming gi – i Noreg og i andre delar av verda?
  3. Lag en modell med tilbakekoblingsmekanismer
  4. Kva er bakgrunnen for namnet "tilbakekoplingsmekanismar", trur du?
  5. Kvifor er ein bekymra for kva som vil skje viss tilbakekoplingsmekanismar begynner å verke?
  6. Skriv di eiga forklaring på omgrepet "tilbakekoplingsmekanismar".

Jobb vidare med tilbakekopling

Undersøk en modell med albedo og tilbakekobling