Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag digital tekst om klima og flukt

Bruk kunnskap frå naturfag, geografi, samfunnsfag og norsk til å lage ein digital tekst om emnet.

For å løyse denne oppgåva bør du kunne noko om:

  • kvifor menneske flyktar
  • korleis klimaendringar kan påverke flyktningstraumar
  • konfliktar der klima har vore ein av dei utløysande faktorane
  • kva som skjer med menneske på flukt
  • korleis du finn truverdige kjelder om emnet
  • korleis du kan bruke digitale verktøy til å setje saman tekst, bilete og lyd
  • retorikk og korleis du kan bruke ulike verkemiddel til å påverke mottakarar

Oppgåva

Lag ein film eller ein digital forteljing med tittelen "FLUKT". Formålet med filmen er å vise jamnaldrande korleis klimaendringar kan påverke flyktningstraumar.

  • Filmen du lagar skal innehalde faktaopplysningar, men også foto, illustrasjonar, lyd og utdrag frå ein skjønnlitterær tekst som er med på å understreke bodskapen i filmen.

    Bilete du fritt kan bruke finn du bl.a. på FNs Flickr-konto. Sjå lenkje nedst på sida.

  • Filmen bør vere mellom 4–7 minutt lang. Bruk det digitale verktøyet du kjenner best. Dei fleste elevar har tilgang til appen "Bilder" på skule-PC-en sin.
  • Kjeldene du har brukt skal liggje på ein sluttplakat i filmen din. Der skal du også føre opp kven som har teke bileta, laga illustrasjonane, musikken osv. som du har brukt.

Korleis ser ein god film om flukt ut?

Denne oppgåva krev at du kombinerer tekst, lyd og bilete på ein slik måte at mottakaren forstår korleis klimaendringar påverker både enkeltmenneske og verdssamfunnet.

For å få til dette må du balansere logos og patos, altså korleis du appellerer til både fornuft og kjensler. Dette gjeld både tekstane og bileta du vel ut. Om du berre spelar på kjensler, kan du risikere at filmen din ikkje verkar truverdig. Om du berre spelar på faktaopplysningar, kan filmen fort bli kjedeleg og kjennast lite relevant for mottakaren.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2019

Læringsressursar

Føkk fossils II – tipping point