Oppgåve
Kvifor flyktar folk før, no og i framtida?
I filmen Føkk fossils II – tipping point ser vi unge menneske som flyktar på grunn av store endringar i klimaet. Du skal her drøfte årsaker til at folk flyktar.
- Kvifor flykta folk under og etter andre verdskrigen?
- Korleis blei norske flyktningar tekne i mot i andre land?
- Kvifor flyktar folk i dagens samfunn? Forsøk å finne fleire årsaker til at folk flyktar frå landet sitt. Skriv ned nokre stikkord og gå så saman to og to: Hadde de dei same årsakene?
- Samanlikn det du har funne om flukt før og no med situasjonen du ser i filmen. Kva for likskapar og forskjellar finn du? Tips: Her kan du til dømes bruke eit Venn-diagram for å vise dette.
- Drøft følgjande: a) I kva grad trur du klimaendringar har vore utløysande faktor for konfliktar i vår tid? b) Trur du klima er ein sannsynleg årsak til at folk kjem til å flykte i framtida?
- Finn ut kva ein grenselos var og gjorde under andre verdskrigen. Kan du sjå parallellar mellom dei dilemmaa som grenselosane opplevde under krigen og det redningsmannskapet i filmen opplever?