Hopp til innhald
Oppgåve

Påverke for å stoppe klimaendringane?

Korleis ville du ha delteke i demokratiet for å hindre den situasjonen du har sett i filmen til "Føkk Fossils II – tipping point"?

Oppgåver

  1. Tenk over kva for kanalar vi har for påverknad. Beskriv korleis du ville ha brukt dei forskjellige kanalane i arbeidet med å stoppe klimaendringane.
  2. Drøft kva for kanalar som ville vore best å bruke, og kva sjansen er for å lykkast.
  3. Jobb saman i små grupper. Vel den kanalen de har mest tru på og lag forslag til korleis dette kan gjennomførast. Skriv også ned teksten/tekstane de vil bruke i kanalen. Vel sjølv korleis de vil presentere forslaget.