Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klimarisiko i din kommune

Mange kommunar merkar konsekvensane av klimaendringar allereie. Finn ut korleis situasjonen er i kommunen der du bur. Kva for hendingar forårsaka av klimaendringar er mest sannsynlege, og kva for tiltak kan gjerast for å minske risikoen?
Restar av gate øydelagd av flom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Situasjonen i kommunen din nå

  1. Undersøk korleis utviklinga av klimagassutslepp i din kommune har vore dei siste 10 åra.
  2. Kva sektor har størst utslepp? Kvifor er det slik, trur du?
  3. Kva sektorar har hatt størst endringar i utsleppet sitt? Har utsleppa gått opp eller ned?
  4. Samanlikn med ein nabokommune. Kva for likskapar og forskjellar finn du?
Grafisk framstilling av klimagassutslipp i Porsanger kommune. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er klimarisikoen i kommunen din?

  1. Finn ut kva som er meint med "klimarisiko".
  2. Bruk nettstaden Klimarisiko i kommunen og finn ut kva klimarisikoen er i heimkommunen din.
  3. Kva for næringar i kommunen din er mest utsette for klimaendringar?
  4. Finn ut kva for tiltak som bør gjerast i kommunen din for å redusere klimarisikoen.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2019

Læringsressursar

Føkk fossils II – tipping point