Oppgåve
Planlegg ein aksjon
La deg inspirere av Greta Thunberg, og planlegg ein aksjon lik den ho gjennomfører.
Bakgrunnsstoff:
En vellukka aksjon krev førearbeid. Dette er nokre moment du bør tenkje over:
Overtyd folk.
- Kva for slagord og informasjon skal du bruke?
Lag informasjonsmateriell.
- Vil du bruke plakatar, flygeblad eller underskriftskampanjar? Noko anna?
Bestem deg for kvar aksjonen skal vere, og korleis du vil gjennomføre han.
- Vil du nå best fram med ein aksjon på ein stad der folk flest oppheld seg, eller skal du aksjonere der politikarane held til?
- Kan aksjonen gå føre seg på internett?
- Kan du få til møte med ekspertar og politikarar?
- Vil du aksjonere åleine eller saman med nokon?
Få merksemd kring aksjonen.
- Ta kontakt med ei avis / journalist. Du kan også bruke sosiale medium.
Når du er godt førebudd, kjennest det tryggare å aksjonere. Her er eit par tips til sjølve aksjonen:
- Ved aksjon på ein stad: Møt opp i god tid og ta med alt du treng av informasjonsmateriell.
- Ver hyggjeleg, men tydeleg, mot dei du møter under aksjonen. Krangel får ingen til å endre meining.
Etter at du har gjennomført aksjonen:
- Kva fungerte godt?
- Kva ville du endra på om du skal gjennomføre ein ny aksjon?
Tidsbruk: 5 skuletimar