Forklaringar til påstandane
Påstandar
Jorda sin atmosfære fungerer som eit drivhus fordi han er full av .
Det er mange gassar i atmosfæren som bidreg til drivhuseffekten.
Forklaring
Av gassane som finst i atmosfæren, utgjer karbondioksid omtrent 0,04 %. Dermed blir det ikkje riktig å seie at atmosfæren er "full av ", men karbondioksid er ein viktig drivhusgass trass relativt låg konsentrasjon.
I tillegg til har vi drivhusgassar som
- metan ()
- vassdamp ()
- lystgass ()
- KFK-gassar
Påstand
gir sur nedbør, ikkje drivhuseffekt.
Forklaring
Det er riktig at gjer vatn litt surt. Når det gjeld sur nedbør, så er effekten av nitrogenoksid og svoveldioksid mykje større.
At havet blir surare på grunn av at meir løyser seg opp i havvatn, er eit stort problem. Organismar som har ytre skjelett av kalk (korallrev og muslingar), får problem når kalken blir løyst opp av surt havvatn.
Påstand
Det er hola i ozonlaget som slepp inn meir varme.
Forklaring
Ozon finst blant anna i atmosfæren og beskyttar oss mot skadeleg UV-stråling. Såkalla "hol" i ozonlaget er område der konsentrasjonen av ozon er lågare enn vanleg. Her slepp meir UV-stråling gjennom, men dette bidreg ikkje til drivhuseffekt.