Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Miljøforkjemparen Greta Thunberg

Den unge miljøaktivisten Greta Thunberg har mange fans, men ho opplever òg kritikk og ein del netthets. Sjå på eit intervju med henne og dann deg di eiga oppfatning av Greta. Verkar ho truverdig?

Oppgåve

Du skal no jobbe med eit videoopptak av ein tale som miljøaktivisten Greta Thunberg heldt på arrangementet TEDx Stockholm 24. november 2018.

  1. Du har kanskje høyrt om Greta Thunberg tidlegare. Kva er oppfatninga di av henne til no? Sagt på fagspråket: Korleis vurderer du Greta sin innleiande etos?
  2. Så skal du undersøkje Greta sin avleidde etos, det vil seie inntrykket ho skaper gjennom sin person, måten ho opptrer på og måten ho snakkar på. Byrj med å gå på nettsida til TEDx-arrangementet. Finn og noter informasjon om Greta og informasjon om organisasjonen TED. Bidreg informasjonen du finn til at du har tillit til organisasjonen og til Greta? Grunngi svaret.
  3. Neste steg er å sjå videoklippet. Nemn og forklar fem viktige ting frå Greta si deltaking på TEDx Stockholm som etter ditt syn styrkar eller svekkar truverdet hennar.
  4. Korleis vurderer du Greta sin endelege etos i etterkant av denne talen? Oppfattar du henne på same måten som tidlegare, eller ser du no meir positivt eller negativt på henne?

Greta held talen sin på engelsk. Dersom du ønskjer litt språkleg assistanse, kan du også lese eit samandrag av talen på norsk:

Greta Thunberg si tale under TEDx Stockholm

Greta byrjar talen sin med å fortelje om korleis ho som åtteåring blei interessert i miljøvern og klimaspørsmål. Ho byrja å lure: Viss miljøvern var eit så brennande problem, kvifor gjorde då menneska så lite for å løyse det? For henne var dette ei sjølvmotseiing.

Vidare fortel Greta at ho blei sjuk som elleveåring. Ho slutta å ete og snakke, og ho gjekk kraftig ned i vekt. Etter kvart fekk ho diagnosen Aspergers syndrom, OCD og selektiv mutisme. (Aspergers syndrom er ei form for autisme, OCD eller obsessive compulsive disorder tyder tvangsliding/tvangstankar og selektiv mutisme tyder at ein er stum i bestemte situasjonar).

Greta forklarer kva sjukdomen har å seie for korleis ho tenkjer, og kvifor han får henne til å handle. For medan "friske" personar kan late som om klima- og miljøkrisa ikke finst, har ikkje ein person med Aspergers den same moglegheita til berre å leggje vekk ubehagelege spørsmål og tankar.

Så nemner Greta at rike land som Sverige må redusere utsleppa sine med 15 % per år for å nå målet om mindre enn 2 graders global oppvarming, men at det ville vore endå betre å redusere utsleppa endå meir, slik at målet kunne bli 1,5 grader i staden for 2.

Ho spør kvifor ikkje svenske leiarar snakkar om dette, for dei burde vore meir opptekne av dette enn av noko som helst anna. Det er heller ikkje nokon som snakkar om drivhusgassane som allereie finst i atmosfæren, eller om at òg luftforureining i seg sjølv skaper oppvarming, kanskje så mykje som 0,5 til 1,1 grader.

I tillegg nemner ho at vi er midt i den sjette perioden med masseutrydding av artar. Opptil 200 artar går tapt kvar einaste dag, og dette er mellom 1000 og 10000 gonger høgare enn det som blir sett på som normalt.

Greta seier at nesten ingen snakkar om fairness/upartiskheit ("equity") og klimarettferd, sjølv om dette er to sentrale ord i Parisavtala. Begge delar er heilt nødvendig for at det globale arbeidet med å redusere utslepp skal lukkast. Rike land må kutte utsleppa sine mest, slik at folk i fattige land kan få auka levestandarden sin, og dei fattige landa kan skaffe seg noko av den infrastrukturen som rike land allereie har, som vegar, skular, sjukehus, reint drikkevatn, elektrisitet osv. Dersom rike land ikkje gjer noko sjølve for å redusere utsleppa sine, kan dei ikkje forvente at fattige land skal gjere det.

Greta spør: Kvifor skjer det ikkje noko då? Kvifor aukar utsleppa til og med? Går vi medvite inn for å utrydde dyreartar? Er vi vonde? Nei, meiner ho. Ho forklarer det som skjer med at det store fleirtalet manglar kunnskap om korleis det dei gjer i kvardagen sin påverkar miljøet. Dei skjønar ikkje at eit raskt skifte er nødvendig, og korleis skulle dei vite det? For dei ser ikkje nokon direkte teikn eller symptom på ei krise, som til dømes oversvømde byar, titusenar døde, restriksjonar osv. Og ingen snakkar om at det faktisk er ei krise på gang. Ingen oppfører seg som om det var krise, til og med dei fleste klimaekspertar og "grøne" politikarar held fram med å fly verda rundt, ete mjølkeprodukt osv.

Greta held fram tala si med å fortelje om kvifor ho i august 2018 gjekk til skulestreik for klimaet. Det vi gjer eller ikkje gjer i dag, vil påverke framtidige generasjonar, også Greta og hennar eigen familie. Greta seier at ho sjølvsagt møter kritikk, og oppfordringar som: "Gå på skulen! Utdann deg til å bli ein fagperson som kan vere med på å redde klimaet."

Til dette svarer Greta at vi allereie veit svara på klimaspørsmålet, vi har både fakta og løysingar. Kvifor studere for ei framtid som aldri vil kome? Kvifor utdanne seg når politikarane uansett ikkje lyttar til fagfolk som har blitt utdanna i eit svært godt skulesystem?

Nokon seier: "Sverige er eit lite land, vi kan ikkje få utretta noko." Men dette stemmer ikkje, hevdar Greta, for når sjølv skulebarn kan få merksemd verda over ved å streike, tenk berre på kor mykje vi kunne fått utretta saman om vi alle verkeleg ville det.

Greta avsluttar talen sin ved å snakke om håp. Ho seier at det er vanleg å formidle håp når ein snakkar om klima- og miljøutfordringar, at ein vanlegvis nemner vindkraft, solcellepanel, sirkulær økonomi osv. som tiltak som kan redde oss.

Greta vil ikkje gjere noko slikt. 30 år med positive pep-talks er nok, seier ho, for dei har ikkje hjelpt nokon. Utsleppa har ikkje blitt mindre. Vi treng håp, men endå meir treng vi handling. Handling fører til håp. I staden for å søkje håp, søk handling - då, og berre då, vil også håpet kome.

Heilt til sist nemner Greta forbruket vårt av olje. Vi forbruker enorme mengder kvar dag, og det finst ingen reglar som avgrensar eller avsluttar bruken. Derfor må reglane endrast, og først då kan vi få til endringar. Alt må endrast, og det må starte i dag, formanar Greta, og avsluttar enkelt med: "Takk."

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?