Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva vil du svare?

Kan ein 16-åring redde klimaet? Det kan vere fleire svar på dette spørsmålet.

Grunngi svara dine

Grunngi svara dine ved å vise til fagstoff om klima og klimadebatten, definisjonsmakt og retorikk.

Set gjerne opp argumenta dine i eit skjema som dette:

Skjema med spørsmål om ein 16-åring kan redde klimaet. Det er eit felt for å skrive argument for, argumenter imot, og eigne tankar om spørsmålet. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjenta øvinga

  1. Klassen deler seg opp etter kva for svar de vil gi:
    • Dei som vil svare ja, går til eitt hjørne av klasserommet.
    • Dei som vil svare nei, går til eit anna hjørne.
    • Dei som ikkje veit, går til eit tredje hjørne.
  2. I kvart hjørne: Grunngi for kvarandre kvifor de valde å svare høvesvis ja, nei og veit ikkje.
  3. Éin frå kvart hjørne legg fram argumenta frå gruppa si. Lèt du deg overtyde av det dei andre gruppene seier, så byt hjørne.
  4. Har de fordelt dykk annleis no enn de gjorde før de starta på læringsstien? Kvifor / kvifor ikkje, trur du?

Veit du no kva du kan gjere?

Tenk over kva du har lært, og om det vil påverke dine eigne handlingar framover:

  1. Vil du endre levemåte?
  2. Vil du delta i klimadebatten?
  3. Har du tru på at du kan gjere ein forskjell?

Diskuter spørsmåla med ein medelev og grunngi svara dine.

CC BY-SASkrive av Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2019

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?