Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Definisjonsmakt?

Den svenske tenåringen Greta Thunberg har fått mykje merksemd for engasjementet sitt for klimasaka. Her vil vi at du skal diskutere definisjonsmakt, og korleis ein enkeltperson kan setje dagsorden.
Den svenske tenåringen Greta Thunberg under World Economic Forum i Davos, 2019. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjonsmakt

Dei nye kjerneelementa for samfunnskunnskap seier blant anna at elevane skal forstå kven som har definisjonsmakt over dei.

  1. Kva er definisjonsmakt, trur du?
  2. Kan du gi døme på nokon som har definisjonsmakt?

    Tips: Her kan du tenkje både lokalt, nasjonalt og globalt, og finn gjerne fleire døme.

Kan ein 16-åring setje dagsorden?

  1. Finn ut korleis Greta Thunberg først fekk merksemd.
  2. Korleis kan dette ha ført til at ho no er verdskjent?
  3. Diskuter to eller tre saman: Kva skal til for at ein 16-åring kan setje dagsorden på denne måten og påverke så mange?

Kanalar for påverknad

Thunberg har brukt aksjonskanalen.

  1. Kva for andre kanalar for påverknad har vi?
  2. Og kva for kanalar ville du brukt for å jobbe for noko du trur på og er oppteken av?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2019

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?