Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan ein 16-åring redde klimaet?

Prøv å svare på spørsmålet i tittelen. Trur du svaret er ja eller nei?
Plante veks i ei handfull med jord i henda til eit menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trur du at ein 16-åring kan redde klimaet?


  1. Klassen deler seg opp etter kva for svar de vil gi:

    • Dei som vil svare ja, går til eitt hjørne i klasserommet.
    • Dei som vil svare nei, går til eit anna hjørne.
    • Dei som ikkje veit, går til eit tredje hjørne.
  2. I kvart hjørne: Grunngje for kvarandre kvifor de valde å svare høvesvis ja, nei og veit ikkje.
  3. Éin frå kvart hjørne legg fram argumenta frå gruppa si. Lar du deg overtyde av det dei andre gruppene seier, så byt hjørne.
  4. Dukka det opp spørsmål då de argumenterte? Skriv dei ned. Kanskje finn du svara når du jobbar vidare med tverrfaglege oppgåver om klima og klimadebatten.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?