Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Guide til førstegongsveljaren: lokalval

Politikk kan verke uoversiktleg og vanskeleg. Når du skal bestemme deg for kva du vil stemme, kan det vere lurt å rydde litt i tankane først.
Fire avlukke med forheng. Beina til fire personar er synlege under forhenga. Foto.

Når du skal bestemme deg for kva du vil stemme, er det ikkje sikkert du klarer å finne det eine partiet som er perfekt for deg. Det er likevel ingen grunn til å sitje heime på valdagen, for det er mange ulike vegar fram til avgjerda.

Her får du ei oversikt over nokre vanlege tenkemåtar rundt eit politisk val. Kanskje du finn ein måte å tenke på som passar for deg, eller kanskje du vil kombinere fleire. Sjølv om du tenker på éin måte denne gongen, kan det hende du vil tenke heilt annleis neste gong det er val.

Ideologi

Har du ei meining om korleis eit samfunn bør styrast? Kor mykje personleg fridom skal vi ha? Kor stor rolle skal dei lokale styresmaktene ha? Bør dei avgrense økonomiske forskjellar, eller er slike forskjellar naturleg og sunt i eit samfunn? Bør private kunne drive barnehagar eller eldreomsorg i kommunen? Har du klare formeiningar om desse tinga, kan det hende du finn både ein ideologi og eit parti som er perfekt for deg. Synest du slike spørsmål er spennande, men er usikker på kva oppfatning du har, kan du lese deg opp på ideologiane og gjere deg opp ei meining. Viss du føler deg heime i ein ideologi, vil det gjerne berre vere eitt eller nokre få parti som er aktuelle for deg. Les meir i artikkelen "Ideologiar"

Sak

Brenner du for ei spesiell sak? Er du oppteken av miljø, vegutbygging, rasisme, innvandring, fattigdom, skulepolitikk eller bevaring av distrikta? Somme parti har såkalla hjartesaker dei er spesielt opptekne av. Dette er kanskje mest typisk for dei litt mindre partia, men alle partia har ei meining om det aller meste. Viss du er spesielt oppteken av éi eller nokre få saker, bør du setje deg inn i hva partia meiner om det som betyr mest for deg. Les meir om dette i artikkelen "Kva står dei politiske partia for?"

NRKs lokalvalguide 2023

NRK har laga ein lokalvalguide. I denne kan du undersøke kva saker som er viktige i din kommune, og kva dei ulike partia meiner og er opptekne av der du bur. Her finn du òg mykje god informasjon om kommune- og fylkestingsval generelt.

NRK: Lokalvalgguiden 2023

Protestval og bygdelister

Ganske ofte dukkar det opp saker i valkampen som blir veldig avgjerande. Det kan til dømes vere saker som set dei partia som har makta i kommunen eller fylket, i eit dårleg lys. Då kan det skje store endringar i korleis folk stemmer, og vi får eit såkalla protestval. I slike val er det mange som vel parti for å vise protesten sin i ei spesiell sak, og ikkje fordi dei nødvendigvis støttar politikken til partiet generelt. Protestval treng ikkje å vere knytte til konkrete saker, men botne i ei generell misnøye med dei som styrer, samfunnsutviklinga eller dei etablerte partia.

Ved lokalval dukkar det òg ofte opp eigne vallister knytte til til dømes ei bestemd sak eller ein bestemd del av kommunen. Desse såkalla bygdelistene står ofte i opposisjon til alle dei etablerte politiske partia. Eit døme på slike parti er Folkets Parti (tidlegare Folkeaksjonen nei til mer bompenger) som starta i Stavanger før kommunevalet i 2015, og som seinare har stilt lister i fleire kommunar. Slike parti er ofte såkalla eisakspartier. Det vil seie at dei er danna på grunn av éi spesiell sak. Det kan derfor ofte vere vanskeleg å vite kva partia kjem til å meine om andre saker.

Interesser

Du tilhøyrer kanskje, eller identifiserer deg med, ei gruppe som du meiner bør bli høyrd? Elevar, funksjonshemma, sjølvstendig næringsdrivande, studentar, folk med innvandrarbakgrunn, religiøse, bønder og uføre er alle døme på grupper som kjempar for dei politiske interessene og rettane sine. Identifiserer du deg med ei slik gruppe, er det kanskje viktig for deg å finne eit parti som representerer interessene dine på ein god måte. Viss du vil vere ein god medborgar, bør du uansett ikkje berre tenke på kva som er best for deg personleg, men òg kva som er best for samfunnet som heilskap. Les meir om dei viktigaste skiljelinjene i norsk politikk i artikkelen "Politiske skiljelinjer" .

Eliminasjonsmetoden

Det kan ofte vere lettare å avgjere kva parti du absolutt ikkje vil stemme på, enn det er å finne det rette partiet for deg. Mange bruker nok eliminasjonsmetoden når dei skal stemme. Det vil seie at dei først plukkar bort dei partia dei ikkje vil stemme på for så å sitje igjen med nokre alternativ. Viss du liker somme partier dårleg, har du iallfall meiningar om politikk. Og det er viktig at du tek eit val og let stemma di bli høyrd, sjølv om du kanskje ikkje finn det eine perfekte partiet for deg.

Personval

Stemmeseddelen du legg i stemmeurna under eit lokalval, er ei liste med namn frå valdistriktet ditt. Kvart parti har si liste. Personane øvst på lista har størst sjanse for å bli vald inn i kommunestyret eller fylkestinget. Sjølv om du stemmer på eit parti, er altså lokalvalet òg eit val på personar. Kanskje du kjenner nokon av kandidatane og veit at dei er flinke og til å stole på. Når du stemmer ved eit lokalval, kan du òg gi tilleggsstemme til kandidatar, stryke kandidatar frå lista og til og med legge til kandidatar frå andre lister.

Les meir om valordninga ved lokalval i artikkelen "Kommunestyre- og fylkestingsval".

Blank stemme eller sitje heime?

I vallokala skal det vere blanke stemmer. Viss du vel å stemme blankt, får du ingen innverknad på valresultatet. Dei blanke stemmene blir talte opp og er med i statistikken over valdeltaking. Somme vel å stemme blankt for å vise at dei ikkje støttar nokon av partia, men likevel støttar demokratiet. Om det er betre å stemme blankt enn å sitje heime, er omdiskutert. Skal du delta i demokratiet og ha ein innverknad på valet, må du uansett ta eit val og stemme på eit parti.

Godt val!

Tenk etter

I somme land er det sett på som ei plikt å stemme ved val, og ein får bot dersom ein let vere å stemme. Burde det vore slik i Noreg?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2023