Forklaringar til påstandane
Påstand
Klimaendringar er naturleg, så det er ikkje noko vi kan gjere med det.
Forklaring
Det er riktig at klimaet har endra seg gjennom tidene, og dette er heilt naturleg. Det som er nytt i tida vår, er at endringar som tidlegare skjedde over tusenvis av år, skjer på tiår.
Gjennomsnittstemperaturen på jorda har stige med nesten 1 grad sidan slutten av 1800-talet. Mesteparten av oppvarminga har skjedd dei siste 35 åra, ifølgje den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA.
Aukinga skuldast i all hovudsak utslepp på grunn av menneskeleg aktivitet, og det kan vi gjere noko med.
For oss i Noreg kan det kanskje verke freistande med litt meir varme?
Påstand
Klimaendringar gjer at vêret blir varmare, og det er jo fint.
Forklaring
Når vi snakkar om global oppvarming, så er det gjennomsnittstemperaturen over heile jorda gjennom heile året vi snakkar om. Det betyr at auking i gjennomsnittstemperatur, kan bety varmare vintrar, utan at sommaren blir noko særleg varmare.
I tillegg må vi sjå på konsekvensar som tørke, både i Noreg og land der det allereie er nokså varmt. Kva skjer med matproduksjonen viss avlingane sviktar?
Påstand
Klimaendringar gjer at det blir meir ekstremvêr.
Forklaring
Ja, førekomstar av ekstremvêr er aukande. Dagar med rekordvarme, færre kalde dagar, fleire kraftige regnskurer, stormar og orkanar er døme på at vi har meir ekstremvêr. Dette skjer i Noreg og andre delar av verda.
Somme land er meir utsette når det gjeld til dømes havnivåstiging. Land som har problem med tørke allereie, vil sannsynlegvis bli råka endå hardare.
I Noreg vil høgare havnivå skape problem langs kysten. Hyppigare stormar og meir regn vil føre til overfløymingar og store skadar på hus og eigedom. Varmare hav vil påverke fiskerinæringa.
Påstand
Det er berre somme land som blir påverka av klimaendringar, det går fint med oss.
Forklaring
Klimaendringar er eit globalt problem, det som skjer andre stadar i verda, vil påverke oss i Noreg også.