Hopp til innhald

Fagstoff

Klima – gjennomsnittleg vêr over tid

Vi kan observere korleis vêret forandrar seg frå dag til dag, eller år til år. For å kunne observere klimaendringar må vi analysere vêret i periodar på over 30 år.

Ein kald vinter betyr ikkje at vi kan avlyse global oppvarming

Somme gongar høyrer vi folk seie at dei ikkje trur det kan vere global oppvarming, fordi det var jo så kaldt i fjor! Vêret kan forandre seg mykje på kort tid, både gjennom veker eller år. For å kunne sjå trenden på utviklinga må vi zoome ut og sjå mange år under eitt. Meteorologar og klimaforskarar ser på gjennomsnittsvêret over ein periode på 30 år, før dei snakkar om endringar i klimaet.

Videoen under viser korleis konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren har endra seg i vår tid og tilbake til førhistorisk tid.

Du ser tydeleg at CO2-nivået går opp og ned på kort sikt, samtidig som nivået stig sakte, men sikkert, med tida. Zoomar du ut, og ser på perioden frå 800 000 år før Kristus og fram til i dag under eitt, ser du ei dramatisk endring.

Diskuter

  1. Den raude grafen viser korleis CO2-konsentrasjonen endrar seg. Kvifor stig og søkk grafen med jamne mellomrom, trur du?
  2. Når forskarane måler CO2-konsentrasjonen i atmosfæren, bruker dei avanserte instrument. Korleis kan dei då vite kva CO2-konsentrasjonen var for til dømes 300 000 år før Kristus?
  3. Skalaen på y-aksen startar ikkje på 0. Kva effekt får dette på korleis vi oppfattar grafen?
  4. Forsøk om du kan tidfeste den industrielle revolusjonen ut frå grafen.
  5. Konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren har gått mykje opp og ned gjennom tidene. Kva er spesielt med det som skjer med CO2-konsentrasjonen i tida vår?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2023

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?