Hopp til innhald

Fagstoff

Klimaendringar: Kva skjer? Kva gjer vi?

Menneskeskapte klimaendringar fører til meir ekstremvêr og flaum, tørke og skogbrann. Havis og innlandsis smeltar. Vi får surare hav og endra nedbørsmønster. Kva for konsekvensar får dette for dyr og menneske?
Busetnad med skogbrann i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar av klimaendringar

Helsa di blir påverka

Zikamygg. Foto.
  • Hetebølgjer og skogbrannar tek liv.
  • Sjukdomar som blir spreidde via vatn, får gode vilkår med aukande nedbør og flaum.
  • Sjukdomsorganismar som mygg som spreier malaria og zikavirus, finn nye leveområde når fleire område får høgare middeltemperatur.
  • Underernæring som følgje av nedgang i matproduksjon forårsaka av til dømes tørke eller flaum.

Relatert innhald

Plantar og dyr blir utrydda

Dyr og plantar har til alle tider blitt utrydda. No skjer klimaendringane så raskt at mange fleire artar ikkje rekk å tilpasse seg nye miljøtilhøve. I tillegg blir økosystem i verda utsett for eit stort press frå menneskeleg aktivitet som hogst og utvinning av mineral.

Kjempeskilpadde kviler på eit korallrev ved øya Sipadan. Foto.
  • Plantar og dyr som ikkje finn nye leveområde, døyr ut.
  • Dyr endrar måten dei lever på (trekkfuglar kjem tidlegare tilbake).
  • Når plantar og dyr forflyttar seg, kjem dei inn i økosystem der dei tidlegare ikkje fanst naturleg. Dette påverkar balansen i økosystemet og kan presse ut artar som var der i utgangpunktet.
  • Forsuring av havet gjer at korallrev blir brotne ned.

Relatert innhald

Levekår

  • Redusert økonomisk vekst.
  • Høgare matvareprisar fordi det blir produsert mindre mat enn det som blir etterspurd.
  • Skadar på hus og eigedom som følgje av flaum og ekstremvêr.
  • Område nære havet blir umoglege å bu i med aukande havnivå.

Tiltak for å avgrense klimaendringar

På kort sikt kan ein prøve å tilpasse seg dei endringane som oppstår, men etter kvart vil ein nå eit nivå der det ikkje lenger vil vere mogleg å gjere fleire tilpassingar. Vi kjem ikkje utanom å redusere utsleppa av klimagassar.

Jente et kreps. Foto.

FN sitt klimapanel[1] meiner at følgjande tiltak er viktige:

Du og eg må få eit lågare og endra forbruk. Vi kan

  • køyre mindre, sykle meir
  • kjøpe og kaste mindre mat
  • bygge og bu i energieffektive hus
  • ete mindre kjøt
  • gjenvinne meir

Det internasjonale samfunnet må

  • investere i prosjekt for fornybar energi
  • bytte frå fossil til fornybar energi i straumproduksjonen
  • utvikle løysingar som fjernar CO2 frå atmosfæren (såkalla CO2-reinsing)
  • samarbeide om klimaavtaler og følgje opp desse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2019

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?