Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er drivhuseffekt?

Drivhuseffekt er når gassar i atmosfæren fangar opp ein del av varmeenergien som jorda sender ut, etter å ha vorte varma opp av sola. Dette er nødvendig for at det skal vere leveleg på jorda, men auka drivhuseffekt fører til klimaendringar.

Energibruk og drivhuseffekt

I fleire milliardar år har livet på jorda berre kunna bruke sola som energikjelde. Solenergien sørgjer for fotosyntesen i grøne planter og eit klima med passande temperatur. Etter kvart kunne solenergien også bli brukt indirekte, ved at forfedrane våre greidde å lage eld ved å brenne trevirke. Seinare har menneska også utnytta solenergien som ligg lagra i torv og kol.

Kol og olje er millionar år gamle lager av fossilt brensel, og er restar av planter og dyr som vaks og levde av solenergi. Tre som veks og lever i dag, er nye lager av solenergi.

Eit moderne industrisamfunn treng energi til å drive fabrikkar, transportmiddel som bilar, båtar, tog, fly, traktorar og andre landbruksmaskiner. Energien til dette kjem for det meste frå fossilt brensel, enten direkte ved bruk av kol og olje eller indirekte som elektrisk straum frå olje- eller kolfyrte varmeenergiverk. Når varmeenergiverka bruker olje og kol som energikjelde, er det hydrokarbon som brenn, og då blir det danna karbondioksid (CO2) og vatn (H2O).

Drivhuseffekten – atmosfæren held på varmen

Når kortbølgja og energirik stråling frå sola møter atmosfæren, blir noko av strålinga reflektert tilbake til verdsrommet, mens resten held fram gjennom atmosfæren. Her blir stråling tatt opp av atmosfæren på veg ned til jordoverflata.

Den kortbølgja strålinga varmar opp jordoverflata. Ein del av denne langbølgja varmeenergien strålar ut i atmosfæren. Storparten av denne varmen blir heldt igjen i atmosfæren på grunn av dei såkalla drivhusgassane. Dei vanlegaste er vassdamp og karbondioksid. Andre drivhusgassar er metan, lystgass og KFK-gassar.

Drivhuseffekt er ein heilt naturleg prosess, ja, den er nødvendig for å opprettehalde livet på jorda slik vi kjenner det i dag. Problemet kjem når konsentrasjonen av drivhusgassar blir høgare enn det som er normalt. Då får vi ein auka drivhuseffekt, som fører til endringar i klimaet på jorda.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2019

Læringsressursar

Kan ungdommen redde klimaet?