Hopp til innhald

Fagstoff

1814: Lagnadsåret for Noreg

I løpet av 1814 gjekk Noreg frå å vere ein del av det dansk-norske eineveldet til å bli eit sjølvstendig rike i ein personalunion med Sverige. Kieltraktaten var mykje av bakgrunnen for det nasjonale opprøret som enda i ei norsk grunnlov og sjølvstyre i dette lagnadsåret i norsk historie.
Christian Magnus Falsen står sentralt i forgrunnen og les frå eit papir han held i handa.  Dei andre eidsvollsmennene  sit på rekkjer rundt i rommet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Napoleonskrigane fekk stor betydning for Noreg i 1814. gav Noreg til kongen av Sverige som krigsbytte etter den svenske innsatsen for å vinne over Napoleon i slaget ved Leipzig i 1813.

Då nyheita om Kieltraktaten nådde nordmennene, var reaksjonane ulike. Blant brukseigarar og handelsborgarar, som såg nytta av handelen med Storbritannia, vart det hevda at ein personalunion med Sverige var å føretrekkje, sidan eineveldet var avskaffa der i 1809, og dei hadde fått ei grunnlov.

Blant embetsmennene, som hadde lang erfaring i administrasjon av det eineveldige Danmark-Noreg, var det ikkje noko klart ønske om ei lausriving frå Danmark før Kieltraktaten vart gjord kjend.

Opprør mot Kieltraktaten

For å reise eit nasjonalt opprør mot Kieltraktaten spelte den danske kronprinsen, Christian Frederik, ei sentral rolle. Året før hadde kronprinsen reist til Noreg og vorte på vegner av danskekongen. For å få støtte kalla han saman embetsmenn og forretningsmenn til eit stormannsmøte hos jernverkseigar Carsten Anker på Eidsvoll i februar.

Christian Frederik reiste først krav om at stormennene skulle støtte retten hans til den norske trona. Professor Georg Sverdrup argumenterte for at dersom ein ville få i gang eit folkeopprør mot Kieltraktaten, måtte ein søkje folkets støtte gjennom eit demokratisk val, og ikkje berre støtte seg på retten kronprinsen hadde til å arve trona.

Mange av stormennene var kjende med opplysningsidéane, og møtet enda med at kongen aksepterte at det skulle veljast ei grunnlovgivande nasjonalforsamling komme frå folket. Prosessen vidare skulle skje ved val av representantar til ei riksforsamling som skulle samlast på Eidsvoll i april 1814. Her skulle Grunnlova formast ut, og kongen skulle veljast av representantane.

Georg Sverdrup var ein norsk filolog og politikar. Han var den første professoren i klassiske fag i Noreg og hovudansvarleg for oppbygginga av Universitetsbiblioteket. Det nye bibliotekbygget på Blindern, som opna i 1999, fekk namnet Georg Sverdrups hus.
(Mardal, 2021)

Einig og tru til Dovre fell

Seinare i februar skulle folk gjere eid i kyrkja på å ville "hevde Norges selvstendighet og ofre liv og blod for det elskede fedreland", og velje representantar frå distrikta til riksforsamlinga.

Forsamlinga møttest på Eidsvoll tidleg i april og bestod av til saman 112 representantar. 57 embetsmenn, 18 forretningsmenn og 37 bønder. Representantar frå Nord-Noreg rakk ikkje fram i tide. Christian Frederik skulle i prinsippet ikkje ha noka rolle på riksforsamlinga, men deltok som observatør.

Riksforsamlinga på Eidsvoll

Blant dei 112 representantane oppstod det raskt to hovudfløyer i synet på norsk sjølvstende. Fleirtalet, som særleg bestod av embetsmenn og bønder, samla seg bak Christian Magnus Falsen i Sjølvstendepartiet. Av motstandarane vart dei kalla "Prinsepartiet". Dei ønskte eit sjølvstendig norsk kongerike under Christian Frederik.

Grev Herman Wedel Jarlsberg vart talsmann for unionsfløya. Dei hevda at Kieltraktaten var bindande, og at ein union med Sverige, under føresetnad av fullt indre sjølvstyre, ville vere langt betre. Unionspartiet, eller "Svenskepartiet", hadde støtte av representantar blant brukseigarar og handelsborgarar.

Eidsvollbygningen. Den staselege bygningen ligg på ei lita høgd med ei elv der det blir fløta tømmer i forgrunnen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vegen mot 17. mai-grunnlova

Christian Magnus Falsen kom til Eidsvoll med eit utkast til Grunnlova som vart drøfta i aprildagane. Eidsvollsmennene hadde fleire andre grunnlover tilgjengeleg og lét seg inspirere av tankane frå opplysingstida i utforminga av den norske grunnlova.

Sjølvstendelinja vann fram i Eidsvollsforsamlinga, og Grunnlova vart vedteken. Den 17. mai vart Christian Frederik vald til norsk konge i eit konstitusjonelt monarki, altså eit monarki som skulle styre i samsvar med Grunnlova. Ei grunnlov som var sterkt prega av Montesquieus .

Den utøvande makta

Ei sterk kongemakt skulle styre landet. Kongen hadde makt til å velje regjering, til å kommandere militæret og til å bestemme utanrikspolitikk, krig og fred. Til forskjell frå eineveldet var makta no komme frå folket. Derfor måtte kongen styre i samsvar med norske lover.

Den lovgivande makta

Stortinget utgjorde den folkevalde forsamlinga. Stortinget fekk makt til å vedta lover og til å påleggje folket skattar og avgifter til utgiftene til staten.

Den dømmande makta

Domstolane, med Høgsterett i spissen, skulle dømme etter dei lovene som folket gjennom Stortinget hadde vedteke.

Maktfordelinga sikra at dei ulike statsmaktene skulle opptre uavhengige av kvarandre. Eit døme i Grunnlova var at statsrådane ikkje hadde tilgang til Stortinget. Dette vart først oppheva i praksis med innføringa av parlamentarismen i 1884.

Røysteretten

Det herska noko usemje om kven skulle få røysterett i stortingsval under utarbeidinga av Grunnlova. Fleirtalet blant eidsvollsmennene røysta for at eigedomsretten skulle liggje til grunn for røysteretten.

Grunnlova av 1814 gav røysterett til embetsmenn, betrestilte byborgarar og bønder som enten eigde, eller som i meir enn fem år hadde leigd jord. Sett i samtidas Europa verka dette svært demokratisk, sidan ca. 40 % av alle menn over 25 år fekk røysterett og medråderett.

Fridommen til enkeltindividet

Noreg vart ein rettsstat med Grunnlova av 17. mai. Rettsstatsprinsippa vart vedtekne utan stor diskusjon. Alle borgarar var like for lova, uavhengig av både maktorgan og status. Retten til å disponere eigen eigedom stod òg fast.

Etter den franske revolusjonen hadde det vore livleg debatt i den dansk-norske offentlegheita om tema det eigentleg var forbode å snakke om, som kritikk av politikk og økonomi. I 1799 hadde derfor kongemakta sendt ut ei "Forordning som nærmere bestemmer Trykkefrihedens Grændser". På norgeshistorie.no kan du lese om forboda og straffereaksjonane.

1814-grunnlova sette ein stoppar for den kongelege sensuren med paragraf 100 som slo fast at "Trykkefrihed bør finde Sted".

Religionsfridom fanst trass i dette ikkje i den norske grunnlova. Grunnlova inneheldt forbod mot religiøst definerte grupper som jødar, jesuittar og munkeordenar.

Tenk over:

Kva betyr Grunnlova for deg?

Kva opplysingsidéar finn du i den norske grunnlova?

Krigen mellom Noreg og Sverige

Med støtta til stormaktene var Karl Johan villig til å gå til krig for å tvinge igjennom Kieltraktatens føresegner. Men etter to vekers militære trefningar i Østfold og Kongsvinger var begge partar villige til til å finne akseptable løysingar på konflikten.

Christian Frederik rekna krigen og sjølvstendepolitikken som mislykka. Fredsforhandlingane førte fram til Mossekonvensjonen den 14. august. Noreg aksepterte unionen med Sverige, og Christian Frederik måtte abdisere.

Resultata var likevel gode for dei norske utsendingane. Utgangspunktet for forhandlingane var at rika skulle vere sjølvstendige, og at svenskane godtok Eidsvoll-grunnlova. Ho skulle no reviderast og tilpassast unionen med Sverige. Noreg skulle gå inn i ein personalunion med Sverige, med felles konge og utanrikspolitikk.

Novembergrunnlova

I forhandlingane med svenskane spelte Noregs første stortingspresident, Wilhelm Friman Koren Christie, ei betydeleg rolle i tilpassingane til unionen med Sverige. I 17. mai-grunnlova var kongemakta svært sterk, men Christie greidde i forhandlingane med svenskane å avgrense makta til kongen. Mellom anna vart det gjennomslag for at norske militære styrkar ikkje kunne brukast til angrepskrig utan Stortingets samtykke. Unionen vart formalisert i Riksakta av 1815. Noreg og Sverige var i union, med felles konge og utanrikspolitikk, men Noreg hadde eige sjølvstyre gjennom Grunnlova.

Kjelder

Relatert innhald

Napoleonskrigane frå ca. 1802 til 1815 markerte overgangen til 1800-talets Europa. Sluttoppgjeret etter krigane fekk stor betydning for Noreg og Norden.

Hausten 1814 vart det første stortinget halde. Dette første stortinget vart òg kalla «det første overordentlege stortinget».

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Demokratisering