Hopp til innhald

Fagstoff

Napoleonskrigane

Napoleonskrigane frå ca. 1802 til 1815 markerte overgangen til 1800-talets Europa. Sluttoppgjeret etter krigane fekk stor betydning for Noreg og Norden.

Bruk kartet ovanfor:

Kartet ovanfor viser det historiske biletet av Europa i 1812. Bruk gjerne fullskjermmodus og klikk på informasjonspunkta for å få ein gjennomgang av ulike slag, hendingar og forhold av betydning gjennom Napoleonskrigane.

Napoleon med sin hær

Nemninga Napoleonskrigane blir brukt om den krigstilstanden som rådde i Europa i perioden frå cirka 1802 til 1815, og er eit framhald av revolusjonskrigane frå 1792. Gjennom ei rekkje krigar oppnådde Napoleon kontroll over store delar av Europa.

Frå 1805 vart Austerrike, og etter kvart Preussen og Russland, overvunne etter fleire slag, og måtte rette seg etter Frankrikes ønske om nye territorium og meir innverknad i Europa. Hovudfienden Storbritannia stod seinare åleine igjen. I eit slag ved Trafalgar utanfor Spania i 1805 vart den franske flåten slått, og ein invasjon av Storbritannia vart vanskeleg.

Frå begeistring til misnøye

Mange stader i Europa vart franskmennene godt mottekne med sine opplysningsidéar frå den franske revolusjonen. Men begeistringa forsvann i takt med at okkuperte område måtte stille med soldatar og bidra økonomisk til Napoleons felttog og dei krigane som følgde med.

Fastlandsblokaden

For å presse britane sette Napoleon i verk ein fastlandsblokade, kalla kontinentalsystemet. Målet var å stoppe all britisk handel med europeiske land som var under Frankrikes påverknad. Russland, Austerrike og Preussen vart tvinga til å etterleve kontinentalsystemet. Britane svarte med ein eigen handelsblokade mot Frankrike.

For å hindre at Frankrike igjen skulle bli ei sterk sjømakt, vart merksemda retta mot den dansk-norske flåten i København. Britane gjorde førebyggjande tiltak for å hindre at Napoleon fekk kontroll over flåten ved i 1807. Britiske skip bombarderte København, søkkte mange skip og førte delar av flåten med tilbake til Storbritannia. Konsekvensen vart at Danmark-Noreg vart med på Napoleons side i konflikten med britane. Dette skulle bli skjebnesvangert for Noreg og Danmark i tida framover, og ved Napoleons fall i 1814.

Det brenn heftig flere stader rundt hamna og folk flyktar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noreg – blokade og nød

Alliansen med Napoleon førte til at Noreg vart fiende med den viktigaste handelspartnaren sin, Storbritannia. Den britiske blokaden av Skagerrak ramma Noreg hardt og førte til større avstand mellom Danmark og Noreg. Langs kysten av Noreg gjekk det tidvis føre seg krigshandlingar og trefningar. Mest kjent var i 1812.

I perioden 1812–1814 steig matprisane og det vart mangel på korn. Dette førte til hungersnød blant fattigfolk i store delar av landet. Varemangelen skapte sosiale spenningar mellom fattige og rike. Blant fleire framståande handelsfolk i Noreg oppstod det ei misnøye med den eineveldige dansk-norske kongen og dei økonomiske vilkåra i Danmark-Noreg

Svensk kamp mot Napoleon

Sidan februar 1808 hadde kongeriket Danmark-Noreg òg vore i konflikt med Sverige, sidan svenskane stod på Storbritannias side. Etter at svenskane tapte Finland til Russland i 1809, og tronfølgjaren døydde, fekk Sverige ein ny riksdag. Svenskane valde ny tronfølgjar i 1810, den tidlegare franske generalen Jean-Baptiste Bernadotte, seinare kjend som Karl Johan.

Karl Johans tidlegare militære bragder spelte ei viktig rolle, og med Storbritannias støtte reiste han krav om å få Noreg som krigsbytte i kampen mot Napoleon.

Kieltraktaten

Med svensk hjelp vart Napoleons styrkar slått i slaget ved Leipzig i 1813. For å hente inn "krigsbyttet Noreg" vende Karl Johan med dei militære styrkane sine kursen mot Danmark sørfrå. I frykt for ein svensk invasjon av Danmark vart danskekongen tvinga til å gi frå seg Noreg til Sverige. I i januar 1814 vart det bestemt at Noreg skulle gå inn i ein personalunion med Sverige og med Karl Johan som tronfølgjar i begge rika.

Napoleons fall

Etter Napoleons mislykka felttog mot Moskva i 1812 samla ein storkoalisjon mellom Russland, Storbritannia, Sverige, Spania, Austerrike og Preussen ein felles front mot Napoleon og vann det avgjerande slaget ved Leipzig i 1813. I april vart Paris teke, og Napoleon måtte gi frå seg trona og vart plassert på øya Elba utanfor Italia, og Frankrike måtte godta dei opphavlege grensene frå 1792.

Wienkongressen (1814-1815) vart den første av ei rekkje politiske samlingar der dei sigrande stormaktene diskuterte vilkåra for stabilitet og fred etter Napoleons fall. Under kongressen klarte likevel Napoleon å reise eit nytt opprør i Paris til eit siste slag mot stormaktene ved Waterloo i dagens Belgia. Igjen vart Napoleons styrkar slått, og han sjølv vart deportert til St. Helena utanfor Vest-Afrika, der han døde 1821.

Relatert innhald

Arven frå opplysingstida er synleg i dagens samfunn. Idéane frå opplysningstida har vorte vidareførte i kampen for medråderett og fridom.

I løpet av 1814 gjekk Noreg frå å vere ein del av det dansk-norske eineveldet til å bli eit sjølvstendig rike i ein personalunion med Sverige.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2021

Læringsressursar

Opplysingstid og revolusjonar