Hopp til innhald

Fagstoff

Hamskiftet og politisk aktive bønder

I distrikta voks det fram eit alternativ til den politiske dominansen til embetsmennene. Med hamskiftet i jordbruket frå 1860-åra vart bøndene meir politisk aktive. Bondevenforeiningane reiste krav om meir kontroll over regjeringa, og statsrådssaka skulle bli symbolet på denne politiske kampen.
Slåttonn med slåmaskin og hest, ca. 1900. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det store hamskiftet

"Det store hamskiftet" er eit omgrep som første gong vart brukt av forfattaren Inge Krokann i 1942 for å beskrive endringsprosessane i bondesamfunnet frå midten av 1800-talet. Nye landbruksmaskiner og overgang frå naturalhushald til salsjordbruk var nokre av dei viktigaste endringane.

Salsjordbruk

Gjennom «det store hamskiftet» vart gardsdrifta endra mot eit «salsjordbruk». Som følgje av utanlandsk konkurranse vart det spesielt på Austlandet lagt om frå korndyrking til kjøtproduksjon. I tillegg gjorde nye industriproduserte reiskapar, som slåmaskiner, og meir spesialisert drift sitt inntog på landsbygda. Dei nye kommunikasjonsmidla førte jordbruksprodukt til meieri og ysteri eller til marknaden i byane.

Bondevenene

Portrett av Søren Jaabæk. Han har mørkt hår og er glattbarbert i ansiktet, men har skjegg i ein krans frå framfor øyra og inn under haka. Han er kledd i dress med vest og har tørkle i halsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som følgje av at bøndene i større grad retta jordbruksproduksjonen sin mot sal og marknad, vart rikspolitikken ein meir interessant politisk arena for bøndene. I løpet av 1860-talet vart det oppretta «bondeveneforeiningar» rundt omkring på bygdene, og desse kan reknast som forløparar til norske politiske parti. Dei ca. 200 bondeveneneforeiningane vart etter kvart samla under leiing av Søren Jaabæk (1814-94) og vart snart det fremste politiske uttrykket for motkulturane sine krav om endringar i det norske samfunnet. Bøndene gjorde seg snart gjeldande på Stortinget og protesterte mot auka statsutgifter og byråkratisk kontroll. Dette verka som eit trugsmål mot det etablerte embetsverket som hadde styrt landet sidan 1814. I 1868 kom bonderepresentantane i fleirtal på Stortinget.

Statsrådsaka

Då det vart innført årlege storting i 1869, vart opposisjonen mot makta kongen og embetsmennene hadde, meir samla. Dette gjorde at opposisjonen kunne føre ein sterkare politisk kamp for Stortinget sitt krav om kontroll av regjering og embetsverket. Ein av dei fremste politikarane på Stortinget, Johan Sverdrup, kravde auka folkestyre. Sverdrup og bøndene sine stortingsrepresentantar reiste derfor krav om at kongen sine statsrådar skulle møte i Stortinget og vise «ministeransvarlegheit». Dette utfordra maktfordelingsprinsippet i 1814-grunnlova, som kravde at storting, regjering og domstolane skulle vere strengt åtskilde, uavhengige institusjonar. Frå 1870 samla Johan Sverdrup bonderepresentantane på Stortinget saman med radikale byrepresentantar i kravet om at regjeringa måtte ta omsyn til folkeviljen. På denne måten ville Stortinget i større grad kunne kontrollere og etterprøve arbeidet til dei kongelege statsrådane. Dette var embetsmennene og kongen sterkt imot og viste til at det braut med .

Kongen nektar sanksjon

Utover i 1870-åra skulle statsrådsaka bli den viktigaste saka på Stortinget. I 1872 vedtok eit fleirtal på Stortinget «statsrådsaka» for første gong. Regjeringa var sjølvsagt imot denne lovendringa i grunnlova, og rådde kongen frå å sanksjonere grunnlovsendringa. I dei påfølgjande stortingsperiodane vart statsrådsaka vedtatt i alt 4 gonger fram til 1880 (3 gonger med same ordlyd). Kvar gong lova kom til Kongen i statsråd, nekta kong Oskar 2 å sanksjonere grunnlovsendringa. 9.juni 1880 avgjorde Stortinget at vedtaket om møteplikt på storting for statsrådane var gjeldande i grunnlova.

Spørsmål om kongens vetorett i grunnlovssaker vart det store stridstemaet fram mot 1884. I følgje grunnlova hadde kongen utsetjande veto i lovsaker, men sa ingen ting om kongens veto i grunnlovssaker. Dette førte til vetostriden, som vart den mest framtredande saka fram mot 1884. Konge, regjering og eit mindretal i Stortinget meinte kongen hadde absolutt veto og var forsvarar av grunnlova. Opposisjonen meinte at kongen hadde same veto som i lovsaker, sidan grunnlova var utgått frå folket.

Relatert innhald

Johan Sverdrup spelte ei sentral rolle i vetostriden som til slutt enda i ein riksrettsdom mot regjeringa Selmer, og innføringa av parlamentarismen.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2021

Læringsressursar

Demokratisering