Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Temakart: 1814

Korleis enda Noreg opp med først å bli eit konstitusjonelt monarki og så hamne i personalunion med Sverige i 1814? Få oversikt og forklar samanhengar ved hjelp av temakart.
Korleis bruke temakarta?

Temakarta skal hjelpe deg med å strukturere årsaker og konsekvensar i fleire tema i nyare historie. Temakarta består av boksar og pilar. Både boksane og pilane skal fyllast med tekst, og viss du klikkar på dei, kjem det opp ein tekstboks som du kan skrive i.

Boksane representerer konkrete hendingar eller utviklingstrekk. Når du skriv i desse boksane, skal du øve deg på å trekke ut det aller viktigaste. Prøv å avgrense deg til 2–3 setningar.

Pilane skal forklare samanhengar mellom boksane. Ein samanheng kan vere at boks A er årsak til boks B, at boks A påverkar boks B, eller at boks A hjelper oss til å forstå boks B. Nokre gonger kan samanhengar gå begge vegar, slik at også boks B påverkar boks A. Nokre gonger er det lett å sjå samanhengar; dei kan til dømes stå direkte forklart i læremiddelet du bruker. Andre gonger må du tenke sjølv. I pilane bør du skrive så utfyllande du kan. I tillegg til å forklare kan du til dømes trekke inn døme eller kjelder de har jobba med som kan belyse denne samanhengen.

Notata dine blir lagra i nettlesaren. For å lagre notata lokalt kan du gå til Mine notat og kopiere teksten inn i eit eige dokument.

Du bør jobbe med temakartet i fullskjermvisning.

Relatert innhald

NDLA tilbyr eit temakartverktøy med temakekart i åtte emne frå den franske revolusjonen til Sovjetunionens fall.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2023

Læringsressursar

Demokratisering