Hopp til innhald

Fagstoff

Ytringsfridommens historie

Idéen om ytringsfridom, der alle kan gi uttrykk for det dei meiner, er noko som er relativt nytt i historia. Det normale har vore å regulere kommunikasjonen og kva det er tillate å ytre seg om. Korleis har tanken om ytringsfridom utvikla seg i Europa og Noreg fram til i dag?
Utsnitt av framsida til avisa Norske Intelligenz-Seddeler i 1763. Den har gotisk skrift. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridommens historie før 1814

Ytringsfridom er den grunnleggande fridommen alle menneske har til å uttrykke seg om det dei ønsker å seie noko om. Ytringsfridom omfattar fridommen til å velje å ytre seg, eller til å la vere. Dette gjeld også fridommen til å få ytringar frå andre. Sidan slutten av 1700-talet har ytringsfridom vorte rekna som ein menneskerett og er beskytta både av nasjonale og overnasjonale lovverk.

I dag tek vi ytringsfridom for gitt, men utviklinga fram til eit samfunn med fri kommunikasjon har vore kronglete. Makthavarar har alltid prøvd å kontrollere meiningar og ytringar i det offentlege rommet, men å kontrollere kva som skjer i det private rommet, har vore vanskelegare.

Magnus Lagabøtes landslov

Seglet til Magnus  Lagabøte viser han til hest med sverd i høgre hand. Foto.

Noreg var eit av dei første kongerika i Europa med ei landslov som gjaldt for heile landet. Det fekk vi med kong Magnus Lagabøtes landslov på 1270-talet. Mange av lovene regulerte jordeigedom, men det vart også innført bøter for dei som dikta rim som spotta og vanæra andre. Dette gjorde han ikkje berre fordi slike ytringar var uønskte, men fordi dei kunne oppmode til vald og blodhemn. Slik kunne lovverket i ei viss grad avgrense ytringar som kunne vere til skade for samfunnet.

I NRK-programmet Ekko - samfunnspodden kan du høyre meir om Magnus Lagabøtes landslov.

Dansketid og sensur

Under dansketida mista Noreg sjølvstendet sitt. Frå 1537 vart vi eit såkalla lydrike styrt frå København. Danmark bestemde over Noreg og innførte eit prinsipp om førehandssensur av trykt skrift. Universitetet i København skulle kontrollere kva bøker som kunne givast ut i Danmark-Noreg.

På 1600-talet var det dårlege kår for ytringsfridom i Danmark-Noreg og i Europa elles. Christian Vs danske og norske lovbok frå 1687 innførte strengare reglar om sensur, majestetsfornærmingar, spott av Gud og import av bøker. Lovverket vart altså strengare, men det skulle endre seg i løpet av andre halvdel av 1700-talet. Opplysningstida, saman med utvikling av leseferdigheiter og ein sterk auke av aviser og bøker, bidrog til auka debatt i samfunnet og meir meiningsutveksling. Dette var det vanskeleg for styresmaktene å kontrollere.

Eit teikna portrett av Ludvig Holberg. Han har lang parykk med krøllar og tørkle i halsen. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om det var liberale tendensar i samfunnet, måtte ein trø varsamt. Sensuren heldt fram. Spesielt trusspørsmål og samfunnsautoritetar var det lite rom for å uttale seg kritisk om i offentlegheita.

Struensees liberale reformer på 1770-talet

I 1770–1772 innførte statsmannen Johann Friedrich Struensee trykkefridom og oppheva sensuren. Det vart opna for fri offentleg debatt, og vi fekk eit frislepp av litteratur og aviser. Mange tolka endringane slik at det var mogleg å ytre seg om kva som helst utan å måtte stå til ansvar. Denne mangelen på grensesetting førte til mengder av samfunnskritikk og anonyme personangrep. Reformene var derfor ikkje noko alle sette pris på.

Etter berre halvtanna år var motstanden så stor at nye krefter fekk Struensee styrta frå makta. Struensee vart dømd til døden og avretta. Trykkefridommen vart innskrenka, men sensuren vart ikkje gjeninnført før i 1799, under Napoleonskrigane.

Forsamling av mange soldatar, men også kvinner og barn, rundt skafottet der nokon blir avretta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Kan du sjå nokon parallellar mellom i ytringskulturen i 1770‑åra og vår tids meiningsytringar i sosiale medium?

"Trykkefrihed bør finde Sted"

Innføringa av Grunnlova i 1814 slo fast at "Trykkefrihed bør finde Sted". Det skulle ikkje lenger vere risikabelt å kritisere styresmakter, regjeringa eller kongen. Sensur skulle ikkje lenger finne stad. Denne lovføresegna bana også veg for at heile befolkninga etter kvart fekk tilgang til kunnskap som tidlegare hadde vore reservert for dei få. Dette viser den liberale karakteren i Grunnlova og reflekterer den tolerante haldninga frå opplysningstida.

Noko av det viktigaste som skjedde før 1814, var at Noreg fekk eige universitet i 1811. Eit moderne, liberalt samfunn på byrjinga av 1800‑talet var utenkeleg utan eit eige universitet som arena for intellektuell debatt og ideologiske brytningar. Det gjekk ikkje minst føre seg i

Trykt utgåve frå 1814 av Noregs Grunnlovs paragraf 100, som blir utdjupa i det ti linjer lange utsnittet. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Torgslaget 1829

Utviklinga mot eit meir ope samfunn i Noreg, med meir ytringsfridom, skjedde gradvis, men med enkelte tilbakeslag. I åra etter 1814 vurderte kong Karl Johan feiringa av 17. mai som ein politisk demonstrasjon mot kongen og med Sverige. Karl Johan la ned forbod mot alle feiringar av nasjonaldagen, men dette skulle vise seg å vere nyttelaust. I Christiania, datidas namn på Oslo, samla ein stor, fredeleg folkemasse seg på Stortorget, men dei vart jaga bort av militære styrkar til hest. Hendinga skapte mykje misnøye og påskunda gjennombrotet for feiringa av 17. mai.

Væpna soldatar til hest jagar bort ei folkemengde. Kunstverk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling på 1800- og 1900-talet

Dei som hadde makt på 1800-talet tolererte ikkje alltid det som vart vurdert som kritikk mot autoriteten deira. Styresmaktene aksepterte i mykje større grad ytringsfridom på andre område. vart tolerert så lenge det var snakk om andre religionar enn statsreligionen. På det litterære området var det stor grad av ytringsfridom. Dette heng saman med at litteratur er basert på fiksjon, og at samfunnskritikk kan skjulast i form av fiksjon.

Utover 1800-talet var utviklinga av skulesystemet avgjerande for å få ei opplyst befolkning som kunne delta i demokratiet. Betre leseferdigheiter blant folk og fleire aviser skapte meir meiningsutveksling og offentleg debatt. Det er her vi finn byrjinga på den kritiske journalistikken.

Mot slutten av 1800-talet dukka spørsmålet om ulik kontroll av ulike medium opp, spesielt biletmedium. Biletmedia vart rekna for å ha større påverknadskraft enn ord, og vart dermed underlagde sterkare kontroll. Denne problematikken ser vi også tydeleg i første halvdel av 1900-talet med introduksjonen av film, radio og etter kvart fjernsyn. Desse media vart møtte med skepsis og vilje til å regulere dei.

I 1933 vart det innført statleg kringkastingsmonopol. NRK var eigd og kontrollert av staten og hadde i starten som hovudoppgåve å drive folkeopplysning. I utgangspunktet kan monopolet sjåast som ei sterk avgrensing av ytringsfridommen. I 1960 vart fjernsynet introdusert, men politikk var i utgangspunktet så godt som stengt ute frå sendingane. Det skulle ikkje vere kontroversielle emne i fjernsynet, men det tok ikkje lang tid før politiske diskusjonar var på plass der òg. Det kontroversielle med kringkastingsmonopolet var at staten kontrollerte dei viktigaste kanalane ut i det offentlege rommet.

Tenk etter

Har sosiale medium dei siste åra vorte tekne imot med skepsis på same måte som film, radio og fjernsyn vart?

Korleis trur du kvardagen hadde vore viss det framleis hadde vore NRK-monopol?

Ytringsfridommen blir oppheva under andre verdskrigen

Under andre verdskrigen vart Noreg okkupert, ytringsfridommen oppheva og sensur vart ein del av kvardagen. I dei viktigaste mediekanalane ut til folket vart det innsett naziredaktørar, og radioane vart etter kvart inndregne. Brot på sensurlovene kunne føre til strenge straffer. Ein risikerte dødsstraff for å lytte på radiosendarar som ikkje var under tysk kontroll. Tanken bak dette var militære omsyn der tyskarane ønskte å hindre deling av informasjon, og det norske nazipartiet Nasjonal Samlings ønske om å nazifisere nordmenn gjennom å kontrollere media.

Nasjonal Samling og tyskarane lykkast med å få kontroll over radio og aviser, men den illegale pressa blomstra opp. Det vart også gjort forsøk på å kontrollere universitetet, skular og idrettsorganisasjonar, utan å lykkast. Nazistane klarte aldri effektivt å påverke nordmenn under krigen. Sensur og tvang førte heller til at mange vart provoserte og jobba meir aktivt mot okkupasjonsmakta. Dette har sannsynlegvis ein samanheng med nordmenns demokratiske tradisjon og haldningar.

Ein mann på sykkel med fleire pakkar både framme og bak på sykkelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Er det grenser for kor mykje det er mogleg å manipulere menneske? Kvar går i så fall grensa?

Rettsoppgjeret og etterkrigstida

Etter andre verdskrigen fekk vi eit rettsoppgjer der rekneskapen frå krigen skulle gjerast opp. Under rettsoppgjeret vart norsk presse eit talerøyr for forakta for dei som hadde svike Noreg, og ikkje ein vaktar av ytringsfridom og liberale rettar.

Den følgande kalde krigen gav heller ikkje dei beste vilkåra for ytringsfridom eller informasjonsfridom. Erfaringar frå krigen, nye fiendebilete og ein ytre trussel svekte vilkåra for ytringsfridommen. Kommunistar vart utpeika som ein trussel og den politiske situasjonen la avgrensingar på kva for politiske ytringar ein kunne komme med. Viss ein vart stempla som kommunist, eller mistenkt for å vere kommunist, risikerte ein å bli overvakt av norske styresmakter. I 1996 la Stortingets granskingskommisjon, den såkalla Lund-kommisjonen fram ein rapport om at venstresida i Noreg hadde vorte utsett for ulovleg politisk overvaking. Under den kalde krigen vart altså demokratiske rettar sette til side av omsyn til tryggleiken til landet.

Trass i svikt i spesielle periodar har fridom, mangfald og ytringsfridom bestått i Noreg. Dette er kanskje takka vere dei etablerte institusjonane, den demokratiske tradisjonen vår, og vår vilje til å verne våre verdiar.

Grunnlova og ytringsfridommen i dag

I Noregs grunnlov står det at alle har rett til ytringsfridom i dette landet. I 2004 vart paragraf 100 endra til også å gjelde levande bilete og andre ytringar og uttrykk som vi finn i sosiale medium og annan medieteknologi. Grunnlova vart språkleg modernisert i 2014. Opphavleg stod det at "Trykkefrihed bør finde Sted", no vart "Trykkefrihed" erstatta av det meir generelle "Ytringsfrihet".

Ikkje berre Grunnlova, men også internasjonale lover og reglar vernar ytringsfridommen i Noreg. Her er den viktigaste, Den europeiske menneskerettskonvensjonen, EMK, som vart utforma i 1950 for å verne om viktige verdiar etter andre verdskrigen.

I FNs verdsfråsegn om menneskerettar, vedteken i 1948, er ytringsfridom fastsett som eit mål for alle land gjennom artikkel 19:

Artikkel 19

Enhver har rett til menings- og ytringsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å hevde meninger uten innblanding og til å søke, motta og meddele opplysninger og ideer gjennom ethvert meddelelsesmiddel og uten hensyn til landegrenser.
(FNs verdsfråsegn om menneskerettar, 1948/2020)

Tenk etter

Kjenner du til avgrensingar i ytringsfridommen i Noreg i dag?

Relatert innhald

Kjelder

FNs verdenserklæring om menneskerettigheter (2020, 21. desember). I FN sambandet. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/avtaler/menneskerettigheter/fns-verdenserklaering-om-menneskerettigheter

Kierult, A. & Gisle, J. (2021, 21. desember) Ytringsfrihet. I Store norske leksikon. https://snl.no/ytringsfrihet

Lund-kommisjonen (2018, 8. september). I Store norske leksikon. https://snl.no/lund-kommisjonen

Mardal, M. A. (2020, 20. juli) Johan Friedrisch Struensee. I Store norske leksikon. https://snl.no/johann_friedrich_struensee

Mardal, M. A. (2017, 29. mai). Torglaget. I Store norske leksikon. https://snl.no/torgslaget

Norske Intelligenz-Seddeler (2021, 21. juni). I Store norske leksikon. https://snl.no/norske_intelligenz-seddeler

NOU 1999: 27. «Ytringsfrihed bør finde Stad»— Forslag til ny Grunnlov § 100. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-1999-27/id142119/?ch=4#kap3-2

Rønning, O. A. (2020, 14. desember) Magnus Lagabøtes landslov. I Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/hoymiddelalder/0935-magnus-lagabotes-landslov.html

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Demokratisering