Løysinga vi får når vi vel u=cosx, er ikkje den same som når vi vel u=sinx.
d) Vi har i b) og c) brukt to ulike løysingsmetodar for å bestemme ∫sinx·cosxdx, og vi har fått to ulike uttrykk som resultat. Kontroller begge resultata ved derivasjon. Kommenter.
Derivasjon viser at vi i begge tilfella kjem tilbake til det opphavlege uttrykket.
e) Korleis kan dei to uttrykka vi har fått til svar, begge vere korrekte løysingar av det ubestemde integralet ∫sinx·cosxdx?
Løysing
Det som er viktig å vere merksam på, er at det i kvar av løysingane er ein konstant, som vi har kalla C. Dersom vi skal samanlikne dei to resultata, må vi hugse at desse konstantane ikkje treng å vere like. Vi skriv derfor opp dei to resultata slik:
12sin2x+C1
-12cos2x+C2
Dersom vi set dei to resultata lik kvarandre, får vi følgande:
Når differansen mellom dei to konstantane er 12, er uttrykka like. Dei "ukjende" konstantane kompenserer altså for ulikskapen i resultata.
f) Endring av storleiken av ein konstant som er eit ledd i eit funksjonsuttrykk, vil ikkje føre til endring i forma på grafen, men vil berre føre til ei flytting vertikalt (opp eller ned) i koordinatsystemet.
Vi definerer to funksjonar ut frå dei to resultata vi har fått i denne oppgåva:
fx=12sin2x+C1
gx=-12cos2x+C2
Lag eit interaktivt GeoGebra-ark som viser at endringar i C1 og/eller C2 kan føre til at grafane til funksjonane blir samanfallande. Kommenter.
Løysing
Grafane til f og g har same form og er i fase.
Når vi endrar på verdiane til C1 og C2 ved hjelp av glidarane, finn vi at C2=C1+12 når grafane er samanfallande.