Matematikk R2
Bygger på:Matematikk R1
Integrasjon
Integralrekning er ein viktig del av matematikken. Integrasjon er det motsette av derivasjon, og ved å forstå integrasjon og meistre metodane kan vi løyse mange praktiske problemstillingar.
Integrasjonsmetodar
Integrasjon av eit funksjonsuttrykk vil krevje ulike metodar alt etter korleis funksjonsuttrykket er bygd opp. Her skal vi sjå på nokre av desse metodane, som gjer at vi kan utføre integrasjon utan digitale hjelpemiddel.