Spor av kunst frå det antikke Hellas
Les om gresk stilhistorie og skulpturar i det antikke Hellas.
Du skal leite etter ein detalj som kan vere inspirert av gresk kunst.
Ta fleire fotografi av detaljen du har funne. Det er viktig å legge merke til korleis lyset treffer detaljen du har valt. Dette vil hjelpe deg med å lage ein god komposisjon og å få fram djupn når du skal lage ei studieteikning etterpå.
Vel det biletet du har mest lyst til å jobbe vidare med.
Teikn fleire raske skisser der du prøver ut ulike utsnitt.
Vel ei av skissene som du vil vidareutvikle til eit endeleg resultat.
Utstyr og teknikk
Foreslåtte reiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit
Teiknepapir: A3-format
Teknikk: valfri
Studer detaljen du har valt. Legg spesielt merke til proporsjonane. Det vil seie kor store dei ulike delane er i forhold til kvarandre.
Lag ei lett oppteikning av detaljen. Jobb med å finne god plassering på arket.
Teikn detaljen meir nøye og legg vekt på å få fram form og tekstur. Bruk skravering til å skape valørar. Når du bruker gråtonar til å gjengi lys- og skuggeverknader, kan dette skape djupneverknad i teikninga di.