Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Samanlikn skulpturar

Det er spennande å sjå utvikling og finne likskapar og ulikskapar mellom dei ulike kunsthistoriske periodane. I denne oppgåva skal de først samanlikne ein egyptisk og ein gresk skulptur, etterpå skal de studere to greske skulpturar frå ulike periodar i antikken.
Ein naken kvinneskulptur hogd ut av ein svart stein. Den eine foten er føre den andre, som for å ta eit steg, men kroppen er ikkje frigjord frå steinen han er hogd ut frå. Foto.
Ein naken mann står ganske stivt med armane ned langs sida. Den eine foten er litt føre den andre og antydar rørsle. Han har langt hår med krøllar og ein tydeleg muskuløs kropp. Foto.

Del 1: Sett deg inn i fagstoffet om skulpturar

Les om kunst i oldtidas Egypt og skulpturar i det antikke Hellas.

Del 2: Studer og reflekter saman med ein medelev

  1. Samanlikn ein egyptisk skulptur frå oldtida med ein skulptur frå den greske arkaiske perioden. De kan bruke bileteksempla over eller finne bilete av tilsvarande skulpturar.

    • Beskriv stilling, rørsle, ansiktsuttrykk og musklar.

    • Korleis er proporsjonane i menneskekroppane?

    • Finn likskapar og ulikskapar ved skulpturane. Bruk faguttrykk.

    Ein naken mann står ganske stivt med armane ned langs sida. Den eine foten er litt føre den andre og antydar rørsle. Han har langt hår med krøllar og ein tydeleg muskuløs kropp. Foto.
    Ein naken mann med kort, krøllete hår står i ei avslappa stilling med venstre arm som om han held noko. Det venstre beinet er halvveges løfta. Foto.
  2. Samanlikn ein skulptur frå arkaisk periode med ein skulptur frå klassisk periode. De kan bruke bileteksempla over eller finne bilete av tilsvarande skulpturar.

    • Studer posituren på skulpturen frå den arkaiske perioden og posituren til skulpturen frå den klassiske perioden.

    • Korleis har gjengivinga av mennesket forandra seg?

    • Reflekter over korleis kunstuttrykket har utvikla seg frå den arkaiske perioden til den klassiske perioden.

Del 3: Samanfatt i klassen

Presenter kort kva de kom fram til i del 2 for dei andre i klassen.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2024

Læringsressursar

Antikken i Hellas