Hopp til innhald
Fagartikkel

Kunst i oldtidas Egypt

"Walk like an Egyptian" heiter det i ein kjend låt. Kvifor blir menneska framstilte etter faste mønster i gamle egyptiske måleri? Og korleis kan kunsten vise oss at samfunnet var delt inn i sosiale lag med farao som øvste herskar?

Ordforklaringar

Farao

var tittelen som blei gitt den øvste herskaren i oldtidas Egypt.

Sosiale lag

refererer til ulike grupper i samfunnet som har ulike nivå av makt, status og ressursar.

Sosial status

seier noko om kva stilling ein person har i samfunnet. Sosiale faktorar som yrke, inntekt, familiebakgrunn og eigedom kan påverke dette.

Betydninga av kunsten

Kunsten i det gamle Egypt hadde fleire funksjonar. Han var knytt til religion og blei brukt til å heidre gudane og dei døde. Historier og legender blei gjerne fortalde igjennom bilete. Kunst blei også ein måte å uttrykke status på. Statuar og måleri av faraoar og andre høgtståande personar blei laga for å vise fram makt og prestisje.

Gravmåleri

Tusenvis av måleri prydar veggene i gravkammera til den egyptiske overklassen. Motiva gjengir hendingar i livet til den avdøde. Samtidig viser gravmåleria korleis samfunnet var inndelt i sosiale lag.

Vi kan gå på virtuelt besøk i det 3500 år gamle godt bevarte gravkammeret til embetsmannen Menna, som tente under farao Amenhotep 3., på American Research Center In Egypt (ARCE).

Verdiperspektiv

Storleiken på personane i gravmåleria viser den sosiale statusen dei hadde i samfunnet. Dei med mest makt, blei rekna som dei viktigaste og derfor framstilte som store figurar. Dei med mindre makt, som til dømes slavar, blei framstilte små i forhold til dei mektigaste. Dette kallar vi verdiperspektiv.

Aspektiv kunst

Biletkunsten brukte ikkje perspektiv for å skape djupn i todimensjonale bilete. Men dei gjennomførte ein aspektiv kunst, det vil seie at dei viste kvar del av eit motiv frå den mest karakteristiske sida. Kort sagt blir menneskekroppen framstilt med hovud mage og bein i profil, mens auget, skuldrene og brystet sest framanfrå.

Statuar

Menneske i heilfigur stod som regel heilt oppreiste, eller dei sat med rett rygg. Dei var framstilte i frontalstilling. Det vil seie at skulpturane er laga for å bli sett framanfrå. Ein ståande statue hadde venstre bein sett framfor det høgre.

Statuane skulle vere vakrast mogleg. Ansikta skulle vere avklarte og reine, utan å bli anonyme. I auga blei det gjerne lagt inn skinnande steinar for gi statuane liv.

Vi kan lese makt, stoltheit og sjølvtryggleik i ansikta. I periodar med politisk uro ser vi forandringar i utrykket, som melankoli og bitterheit.

Det var vanleg at kvinner blei gjengitt med lys hud, mens menn hadde mørkare hudfarge. Dette kan vise at mennene var meir aktive utandørs, mens kvinnene frå overklassen var meir skjerma mot sol.

Statuar av eit kongeleg par

La oss sjå nærare på to statuar av kalkstein som framstiller prins Rahotep og hustrua hans Nofret (ca. 2575–2551 f.Kr.). Statuane blei funne i grava til prinsen i Meidum. I dag står dei utstilte i Det egyptiske museet i Kairo.

Ekteparet har ulik hudfarge. Linja som framhevar auga, viser augesminken som blei brukt av begge kjønn. Den inneheldt blystoff som skulle hindre augesjukdommar. Dei er kledde i lin, han i eit lendeklede og ho i ein formsydd kjole.

Prins Rahotep har bart. Dette er sannsynlegvis gjort for å gjere portrettet så personleg som mogleg. Nofret har ein parykk som rammar inn ansiktet. I håret har ho eit band med nydeleg måla ornamentikk. Begge har smykke på seg. Rundt halsen til Rahotep heng det ei halskjede med ein hjarteamulett. Hjartet var viktig for religionen i det gamle Egypt. Det skulle vegast av gudinna Maat, som avgjorde kven som fekk komme inn i dødsriket. Ein hjarteamulett kunne kanskje hjelpe på dommens dag?

Prins Rahotep og Nofret er idealiserte og vakkert framstilte. Ungdommeligheita kan skape inntrykk av udødelegheit. Var det slik dei gjerne ville bli sett i all æve?

Kjelder

Amatore, C. et. al. (2010). Finding Out Egyptian Gods’ Secret Using Analytical Chemistry: Biomedical Properties of Egyptian Black Makeup Revealed by Amperometry at Single Cells. Analytical Chemistry, 82 (2), s. 457–460.

American research center in Egypt (u.å.) The Statues of Rahotep and Nofret. https://arce.org/statues-rahotep-and-nofret/

Bettum, A. & Torkveen, H. (2023, 12. november). Det gamle Egypt. I Store norske leksikon. https://snl.no/Det_gamle_Egypt

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994) Relieff. Gyldendal Norsk forlag.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024