Hopp til innhald
Øving

Lag ein modell og teikn pyramidar

Bygg ein modell av ein pyramide. Samarbeid om å setje opp ein fin komposisjon. Studer lys- og skuggeverknadene i overflata og teikn ei studieteikning.

Del 1: Bygg ein modell

Utstyr

  • Papp eller kartong

  • Tapetkniv

  • Stållinjal

  • Lim

Framgangsmåte

Samarbeid i grupper på tre. Bygg kvar dykkar pyramide i kartong. Bli samde om måla slik at de får ulik storleik på dei tre pyramidane.

  1. Konstruer først ein mal på papir: Teikn opp eit kvadrat til botn, og trekk opp ein rett vinkel midt på kvar side av kvadratet. Finn topp-punktet og trekk linjer ned til hjørna i kvadratet.

  2. Når du overfører malen til papp eller kartong, er det lurt å teikne på nokre limflappar på sidene av trekantane. Det vil seie små delar på pappmodellen som du kan brette og lime på innsida av modellen for å feste han saman.

Del 2: Teikn ein studie av pyramidane

Utstyr

  • Teiknepapir: A3-format

  • Blyantar: 2B, 4B og 6B

Framgangsmåte

  1. Samarbeid i gruppa og set pyramidane saman til ein komposisjon. Bruk ei lampe til å lage lys- og skuggeverknad.

  2. Riss lett opp formene med 2B-blyanten din. Jobb med å lage ein god komposisjon der du bruker heile biletflata på arket.

  3. Bruk skravering til å skape valørar med 4B- og 6B-blyantane dine. Bruk av gråtonar kan hjelpe deg til å få fram volum, tekstur og skuggeverknader.

Del 3: Lag ei utstilling

Samarbeid med klassen din og lag ei utstilling av studiane de har teikna. Det kan bli ei ekstra fin utstilling dersom både modellar og teikningar blir stilte ut saman.

CC BY-SA 4.0Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2024