Hopp til innhald
Oppgåve

Lag eit veggmåleri inspirert av Egypts oldtid

Studer korleis menneske blei måla i oldtidas Egypt. La deg inspirere, og fortel ei historie gjennom eit veggmåleri.

Ordforklaringar

Sosial status
seier noko om kva slag stilling ein person har i samfunnet. Sosiale faktorar som yrke, inntekt, familiebakgrunn og eigedom kan påverke dette.
Naturalistisk
framstilling i måleri søker å gjengi verda så nøyaktig som mogleg.

Korleis blei menneske måla i oldtidas Egypt?

Verdiperspektiv

Storleiken på personane i gravmåleria viser den sosiale statusen dei hadde i samfunnet. Dei med mest makt blei rekna som dei viktigaste og er derfor framstilte som store figurar. Dei med mindre makt, som til dømes slavar, blei framstilte små i forhold til dei mektigaste. Dette kallar vi verdiperspektiv. Vi kan ha dette i tankane når vi studerer eit veggmåleri frå denne tidsperioden.

Aspektiv kunst

Kroppen er ikkje naturalistisk gjengitt. Det var idéen om mennesket som var avgjerande. Kvar kroppsdel blei vist frå si mest karakteristiske side. Vi ser hovud, mage og bein i profil, mens vi ser auget, brystet og skuldrene framanfrå. Dette blir kalla aspektiv kunst.

Del 1: Studer fotografi av veggmåleri frå oldtidas Egypt

Søk etter bilete som viser egyptisk veggmåleri. Studer eit av bileta du finn.

  1. Beskriv motivet. Kva trur du det handlar om?

  2. Viss du ser på måleriet med verdiperspektivet i tankane, kva kan du seie om statusen til personane som er avbilda?

  3. Studer korleis menneskekroppen blir framstilt. Korleis ville du beskrive dette for nokon som ikkje kjenner til korleis mennesket blei framstilt på denne tida?

  4. Kva kjenneteiknar fargane som er brukte i veggmåleriet?

Del 2: Lag ditt eige veggmåleri

  1. Tenk på ei historie du har lyst å fortelje gjennom eit veggmåleri.

  2. La deg inspirere av veggmåleri frå oldtidas Egypt og lag raske skisser til korleis du kan visualisere historia di. Kommenter skissene dine på ein fagleg måte.

  3. Gå i grupper på tre og ta eit prosess-stopp. Vis skissene de har laga til kvarandre. Korleis oppfattar du innhaldet i skissene til medelevane dine? Gi kvarandre konstruktive innspel:

    • Kva er bra i skissene?

    • Kva grep kan de ta for å få historia endå betre fram?

    • Diskuter korleis de har latt dykk inspirere frå oldtidas Egypt.

  4. Ta med deg innspela du fekk, og lag ditt eige forslag til veggmåleri. Bruk fargar frå tidsperioden, A2-format og valfri teknikk.

  5. Monter skissene i eit eige hefte saman med faglege kommentarar og ei eigenvurdering.

Del 3: Lag ei utstilling

Samarbeid med klassen din og lag ei utstilling av veggmåleria de har laga. La skisseheftet henge saman med det ferdige arbeidet.

Kjelde

Bettum, A. & Torkveen, H. (2023, 12. november). Det gamle Egypt. I Store norske leksikon. https://snl.no/Det_gamle_Egypt

Relatert innhald

Fagstoff
Kunst i oldtidas Egypt

La deg fascinere av kunsten frå oldtidas Egypt. Den kan vise oss korleis samfunnet var delt inn i sosisiale lag med farao som øvste herskar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2024