Oldtidas Egypt
Det gamle Egypts kultur og stordomstid blei skapt på grunnlag av Nilen, den lengste elva i verda. Landet er dekt av ørken, og utan elva ville det ikkje vore mogleg for menneske å busetje seg i dette området. Nilen er på sitt breiaste gjennom Egypt og renn der ut i Middelhavet.
I filmen under får du ein kort introduksjon til dei gamle elverika.
Oldtidas Egypt står fram som ein av dei mest høgkulturelle sivilisasjonane på si tid. Det enorme tidsspennet var inndelt i dynasti og epokar. Det er vanleg for kunsthistorikarar å dele den egyptiske høgkulturen inn i fire periodar:
pre-dynastisk tid fram til cirka 3000 år før vår tidsrekning
dynastisk tid frå cirka 3000 til 2700 før vår tidsrekning
det midtre riket frå 2700 til 1550 før vår tidsrekning
det nye riket frå 1550 til 1050 før vår tidsrekning
Egypt blei styrt som eit kongerike eller eit familiedynasti, med farao som øvste leiar. Farao blei også sett på som ein levande gud. Ei heil verd har sidan antikken vore fascinert av faraoane, mumiane og pyramidane til egyptarane.
Oldtidas Egypt var ein av dei første stadene der dei begynte å bruke skriftspråk. Vi kallar dette biletliknande skriftspråket hieroglyfar. Hieroglyfane blei brukte til å lage inskripsjonar på monument, tempel og graver, men blei også skrivne på papyrus.
Mange teikn er forenkla teikningar av til dømes dyr, menneske, plantar og gjenstandar. Eit biletteikn som symboliserer eit ord eller eit omgrep kallar vi i dag eit piktogram.
Hieroglyfane kunne lesast både vassrett og loddrett, og det varierte om ein las frå venstre eller frå høgre. Leseretninga kan vi finne ved å sjå kva veg menneske eller dyr vender blikket. Regelen er at vi må lese i den retninga som gjer at vi møter figurane framanfrå.
Egyptarane hadde òg teikn som uttrykte lydar på same måte som bokstavane i alfabetet vårt.
Rosettasteinen
Rosettasteinen er eit fragment av ei egyptisk steinstøtte. Inskripsjonen på steinstøtta har ein trespråkleg tekst med svært likt innhald. Den greske versjonen blei derfor nøkkelen til å forstå dei egyptiske hieroglyfane.
Relatert innhald
Hieroglyfane blei brukte som skriftspråk i oldtidas Egypt. Korleis vil du uttrykke namnet ditt igjennom visuelle teikn?
La deg fascinere av kunsten frå oldtidas Egypt. Den kan vise oss korleis samfunnet var delt inn i sosisiale lag med farao som øvste herskar.