Hopp til innhald
Oppgåve

Skriv namnet ditt med hieroglyfar

Hieroglyfane blei brukte som skriftspråk i oldtidas Egypt. Fleire av dei er forenkla teikningar av til dømes dyr og menneske. Korleis vil du uttrykke namnet ditt igjennom visuelle teikn?

Hieroglyfar

Hieroglyfane er skriftspråket frå oldtidas Egypt.

Piktogram

Mange av hieroglyfane er forenkla teikningar av til dømes dyr, menneske, plantar og gjenstandar. Eit biletteikn som symboliserer eit ord eller eit omgrep, kallar vi eit piktogram.

Hieroglyfane kunne lesast både vassrett og loddrett, og det varierte om ein las frå venstre eller frå høgre. Leseretninga kan vi finne ved å sjå kva veg menneske eller dyr vender blikket. Regelen er at vi må lese i den retninga som gjer at vi møter figurane framanfrå.

Lydteikn

Egyptarane hadde også teikn som uttrykte lydar på same måte som bokstavane i alfabetet vårt.

Korleis vil du skrive namnet ditt?

  1. På nettsider som Babyverden kan du finne ut kva namnet ditt betyr. Sjå for deg piktogram som kan representere namnet ditt. La deg inspirere av hieroglyfane frå oldtidas Egypt og lag fleire raske skisser.

  2. Vel piktogramma du vil bruke, og teikn dei opp med gullskrift på blå bakgrunn.

  3. Monter arbeidet ditt på svart kartong.

Treng du hjelp?

I staden for å lage eigne piktogram kan du omsetje bokstavane i namnet ditt til hieroglyfar. Lydane i alfabetet blir direkte omsette til hieroglyfar på nettsida Write Your Name in Hieroglyphs, University of Pennsylvania.

Kjelder

Bjørkvold, T. (2021). Hieroglyfer – et skriftspråk med tegninger. Nysgjerrigper. 2021 (1). https://www.nysgjerrigper.no/siteassets/lesekroken[-1-2021-pa-bokmal.PDF

Naguib, S. A. (2021, 28. mars). Hieroglyfer. I Store norske leksikon. https://snl.no\

Relatert innhald

Fagstoff
Oldtidas Egypt

La deg fascinere av oldtidas Egypt og lær om det biletliknande skriftspråket som vi kallar hieroglyfar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2024