Hopp til innhald

Fagstoff

Skulpturar i det antikke Hellas

Har du sett diskoskastaren eller andre vakre skulpturar frå det antikke Hellas? Greske bilethoggarar har skapt kunstverk som nesten verkar levande. Kva trur du kunstnarane var opptekne av når dei hogde menneskefigurar i stein?

I filmen under ser vi skulpturen av ein diskoskastar frå ulike vinklar. Idrettsmannen er frosen i ei rørsle, og vi ser korleis musklane er i spenn.

Ordforklaringar
Anatomi
er læra om oppbygginga av kroppen.
Intellekt
betyr forstand og fornuft.
Naturalistisk
er ei framstilling som søker å gjengi verda så nøyaktig som mogleg.
Proporsjonar
er storleikar sett i forhold til kvarandre.
Unik
betyr eineståande, det vil seie noko som er heilt spesielt og annleis enn alt anna.

Mennesket i den greske kunsten

Grekarane såg på mennesket som ein unik og viktig skapning, og dei var opptekne av å forstå vår plass i verda. Skulpturane viser kor sentralt mennesket var i verdsbiletet til grekarane. Bilethoggarane ønskte å vise oss heile mennesket.

I dag møter vi kvite marmorskulpturar, men opphavleg kunne dei vere måla i friske fargar. Kunstnarane ville gjengi menneskekroppen så nøyaktig som mogleg, og dei brukte mykje tid på å studere anatomi og proporsjonar. Det vil seie at dei var opptekne av korleis kroppen er bygd opp, og kor store kroppsdelane er i forhold til kvarandre. Målet var å finne fram til den ideale menneskekroppen.

Historiske periodar

Arkaisk stil

Fotokollasj av to kvinnelege og ein mannleg skulptur. Den eine kvinna er måla med mørkt hår og ein raud kjole med gulldekor. Dei andre skulpturane er fargelause. Foto.

Den arkaiske perioden (cirka 800–480 f.Kr.) hadde ein streng stil. Skulpturane var stive og enkle. Bilethoggarane var ikkje opptekne av at skulpturen skulle vere lik ein bestemd person. Vi kan kjenne att eit stivt smil som vi kallar det arkaiske smilet. Dette skulle vise at gudane var tilfredse.

Kore

Kore er ein gresk skulptur av ei ung kvinne. Kvinneidealet frå denne perioden er alltid påkledd, men dei kvinnelege formene kjem til syne under kleda.

Kuros

Kuros er ein gresk skulptur av ein ung mann. Mennene blei viste nakne. Viss du ser nøye på statuen over til høgre, kan du sjå at dei har begynt å skape ei naturalistisk og bevegeleg framstilling av kroppen. Mannen står med den eine foten svakt løfta, og vi ser musklar. Skulpturen er i ferd med å frigjere seg frå blokka han er hogd ut frå.

Klassisk tid

I den klassiske perioden (480–323 f.Kr.) går vi frå ein streng stil til meir liv i skulpturane. Kunstnarane blir meir opptekne av anatomi og av å få fram musklar og rørsle. Skulpturane får også meir personlege trekk.

Statuen er ein naken, muskuløs mann. Han har armane løfta som for å kaste noko. Beina er i naturleg stilling for å kaste. Han har fullskjegg. Foto.

Spydberaren

Skulptur av ein naken ung mann. Venstre hand er i posisjon som til å halde eit spyd på skuldra. Foto.

Spydberaren cirka 450 f.Kr. er den mest berømte kurosstatuen frå den klassiske perioden. Mannen ber lansen i venstre hand, mens høgre fot ber vekta av kroppen. Dette er ei avslappa, naturleg stilling, som vi kallar kontrapost, det vil seie motvekt. Kroppen har motsett rørsle i høgre fot og venstre arm og omvendt. Rørsla frå hovudet, brystet, hoftene og ned mot føtene, dannar på den måten ei slags S-form.

Figurstillinga viser kva grekarane meinte var dei ideelle proporsjonane, seinare kalla det gylne snittet. Når vi bruker det gylne snittet på menneskekroppen, kan vi samanfatte det slik: Lengda av overkroppen forheld seg til lengda av underkroppen slik lengda av underkroppen forheld seg til lengda av heile kroppen.

Afrodite

Marmorskulptur av ei naken kvinne som held eit kle i den eine handa, den andre held ho framfor skjødet. Foto.

Afrodite er den greske kjærleiksgudinna. Ho skal ha ha vore vedunderleg vakker og skjenkte venleik, fruktbarheit og kjærleik.

Knidiske Afrodite (frå cirka år 350 f.Kr) er den første skulpturen vi kjenner, der ei gudinne blir framstilt naken. Det blir sagt at Afrodite viser seg i det ho gjer seg klar for eit bad som skal gi henne jomfrudommen tilbake (Wikipedia. u.å.). Ho er mjukare, og anatomien er ikkje like framståande som på dei mannlege statuane frå same periode.

Hellenismen

I hellenismen (323–3O f.Kr) utnytta bilethoggarane den tredimensjonale forma og let skulpturane vere i rørsle og vise kjensler. Fleire skulpturar har portrettlikskap, det vil seie at vi kan kjenne igjen personlege trekk.

Boksaren

Boksaren er ein godt bevart bronsestatue frå Hellenistisk periode frå cirka 100 f.Kr. Her ser vi at personen har fått individuelle trekk og ein dramatisk augneblink blir skildra. Det kjem tydeleg fram kva som er yrket til personen. Kroppen er vakkert gjengitt. Han er veltrent, men hardt brukt. Boksaren sit, avventande. Er han klar til å møte ein ny motstandar?

Skulpturen er beskriven i teksten. Foto.

Skulpturane kunne fortelje historier

Skulpturane frå det antikke Hellas beskreiv ofte historiske og mytologiske hendingar og figurar. Dette gjorde at skulpturane blei meir enn kunstverk, dei var også ein måte å formidle historie og kultur på.

Ein ung mann med løfta klubbe står over ein annan naken mannskropp som har oksehovud. Foto.

Menneskeskulpturar som berande element

Søyler er berande element. På enkelte bygg blei det brukt menneskeskikkelsar som søyler: mannsskikkelsar (atlantar) og kvinneskikkelsar (karyatider).

Beskrive i biletteksten. Foto.
Ei søyle på ein bygard er utforma som ein kvinneskikkelse. Foto.

Ein bygard i Oslo frå slutten av 1800-talet har ei søyle som er utforma som ein kvinneskikkelse. Gresk kunst har altså halde fram med å inspirere oss.

Tenk over / diskuter

Kjenner de til døme på kunst og arkitektur der vi kan sjå inspirasjon frå den greske antikken?

Kjelder

Karlsen, R. K. (2004, 4. mai). Antikkens fargeorgie. NRK. https://www.nrk.no/viten/antikkens-fargeorgie-1.1852145.

Sande, S. (2021, 10. mars). Den greske antikkens kunst og arkitektur. I Store norske leksikon. https://snl.no/den_greske_antikkens_kunst_og_arkitektur.

Storsletta, O. (2021, 18. august). Karyatide. I Store norske leksikon. https://snl.no/karyatide.

Wikipedia (2020, 15. mai) Afrodite fra Knidos. afrodite_fra_knidos.

Relatert innhald

Modellering vil seie å forme leire med hendene eller ulike verktøy for å lage former og skulpturar.

Det er særleg to ting ettertida har arva etter den greske stilhistoria: tre typar søyler og den antikke skulpturkunsten.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2024

Læringsressursar

Antikken i Hellas