Hopp til innhald

Fagstoff

Antikken i Hellas

Kulturarven vår har røter heilt tilbake til antikkens Hellas. Har du tenkt over kva verdiar, tankesett og kunstuttrykk vi kan takke "dei gamle grekarane" for? Filosofen Sokrates var ein av dei. Her skal du diskutere tankane hans i lys av vår eiga tid.
Utsikt mot Akropolis i Aten. Foto.

Den greske sivilisasjonen

Antikkens Hellas og det gresktalande folkets historie går tilbake til cirka 1600 f.Kr. Den greske antikken kan delast inn i tre hovudperiodar:

  • arkaisk tid (cirka 800–480 f.Kr.)

  • klassisk tid (480–323 f.Kr)

  • hellenistisk tid (323–30 f.Kr.)

Perioden omfattar politiske, filosofiske, kunstnariske og vitskapelege nyvinningar som har hatt innverknad på den vestlege sivilisasjonen inntil i dag. Videoen under viser korleis demokratiet blir utvikla i Aten.

Befolkning

Omkring 750 f.Kr. skjer det store endringar i Hellas. Befolkninga aukar kraftig, og byane veks. Delar av befolkninga utvandrar og opprettar nye bystatar vestover langs Middelhavet og austover til Svartehavet og langs kysten av dagens Tyrkia. Dei etablerer seg òg på kysten av Nord-Afrika.

Dette fører til handel over større område, og pengar blir betalingsmiddel. Nye samfunnsgrupper blir velståande og forlanger makt. Dette er med på å drive fram ein ny måte å organisere samfunnet på.

Stemmerett

I år 594 f.Kr. blir Solon vald til leiar i Athen. Stemmerett for "frie borgarar" blir innført, men kvinner, slavar og arbeidsinnvandrarar får ikkje lov til å stemme. At borgarane får ny fridom, visest også i kunsten. Det kan du lese meir om i Skulpturar i det antikke Hellas.

Filosofen Sokrates

Byste av mann med bølgete hår og skjegg. Foto.

Sokrates er ein av dei mest kjende tenkarane i filosofihistoria. Han er ein filosof som har påverka og inspirert kulturen vår i stor grad.

Sokrates blei skylda for å ha villeidd ungdommen og for å ha innført nye gudar. Dette førte til at han i 399 f.Kr. blei stilt for retten, funne skyldig og dømd til døden ved å tømme eit beger fylt av gift.

I videoen under lærer du meir om Sokrates.

Tenk etter og diskuter

Vel eit eller fleire kjende sitat frå filosofen Sokrates:

  • For å finne deg sjølv, tenk sjølv.

  • Den største gevinsten ein kan få, er ein god venn.

  • Godt at det er så mange ting ein kan klare seg utan.

  • Verkeleg visdom er å vite kva ein ikkje veit.

Diskuter om desse sitata er like aktuelle i dag som på den tida Sokrates levde.

Relatert innhald

Det er særleg to ting ettertida har arva etter den greske stilhistoria: tre typar søyler og den antikke skulpturkunsten.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 03.02.2024

Læringsressursar

Antikken i Hellas