Ornamentikk
Eit ornament er eit formelement som kan stå åleine eller vere ein del av eit samansett mønster. Det blir brukt som dekor eller utsmykking.
Ornamentikk er dekor som er laga med ornament. Eit motiv blir gjenteke, ofte på ein rytmisk og symmetrisk måte. Motiva er stiliserte og kan i utgangspunktet verke ukjennelege.
Korleis motiva og ornamenta blir sette saman, kan variere avhengig av tidsperioden dei blei laga i. Vi kan dele ornamentikk inn i:
geometrisk ornamentikk
plantemotiv
dyremotiv
Geometrisk ornamentikk
Geometriske former kan vi konstruere ved hjelp av passar og linjal. Vi finn bruk av rette linjer og spiralar som dekor allereie frå dei tidlegaste tider.
Meander
Viss du gjentek eit formelement i lengderetning, lagar du ein bord.
Ein meander er ein bord som er laga av rette linjer og rette vinklar. Meanderen stammar frå gresk antikk og blei ført vidare til Roma. Borden har blitt brukt som dekor både på bruksgjenstandar og arkitektur.
I nyare tid blei denne dekoren typisk for empirestilen (Østby, 2020).
Sørsamisk ornamentikk
I sørsamiske område er det tradisjon for å bruke geometrisk dekor. Ornamentikken er ofte sett saman av doble linjer, sikksakk-bordar og trekantstikk. Trekanten er eit gammalt symbol som også er utbreidd blant samar og andre urfolk (Dunfjeld, 2006).
Plantemotiv
Naturen inspirerer oss. Stilperioden vi kallar rokokko, er eit godt døme på korleis natur og blomstrar blei brukte som dekorelement. Der ser vi elegant svingande S- og C-forma linjer i ein dekor som ofte var asymmetrisk.
Lotus
Lotus er ein blomstrande vassplante. Han har symbolsk betydning i fleire kulturar.
I det gamle Egypt blei lotus òg kalla "heilag vasslilje". Han symboliserte sola som stig opp på himmelen om morgonen og startar ein ny dag. Han blei derfor òg eit symbol på gjenføding (Groth, 2019).
Ulike stiliseringar av planten har blitt til vakre ornament som vi framleis lar oss inspirere av.
Akantus
Akantus er ein tistelplante. Element frå planten er brukte som dekor i fleire periodar. I gresk arkitektur var korintiske søyler dekorerte med akantusblad.
Seinare har akantus blitt mykje brukt som dekorelement i treskjering og rosemåling.
Dyreornamentikk
Dyreornamentikk er ei mønsterform som er typisk for Nord-Europa. I Norden finn vi døme på at dyr er ein del av dekoren, frå 300-talet og heilt fram til byrjinga av mellomalderen på 1100-talet. Du kan lese meir om dette i ein eigen artikkel om Dyreornamentikk i jernalder og vikingtid.
Relatert innhald
Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.
Rokokko er ein stilperiode som følgde etter barokken. Den prøvde å erstatte barokkens tunge og pompøse karakter med det lette, mjuke og rørlege.