Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyreornamentikk i jernalder og vikingtid

I jernalderen og vikingtida blei smykke, våpen, bruksgjenstandar, skip og bygningar dekorerte med mystiske dyr og menneske som blei fletta saman. Dyreornamentikken var ikkje berre dekor. Han kan fortelje oss noko om korleis menneska oppfatta verkelegheita før kristendommen kom til Skandinavia.

Fagord

Ornament
er eit formelement som kan stå åleine eller vere ein del av eit samansett mønster. Det blir brukt som dekor eller utsmykking.
Ornamentikk
er dekor som er laga med ornament. Motiva er stiliserte og blir gjentekne, ofte på ein rytmisk og symmetrisk måte.
Jernalderen
er den perioden i historia då folk tok i bruk jern til reiskapar og våpen. I Noreg begynte dei å bruke jern cirka 500 år f.Kr.
Vikingtida
begynte omtrent år 800. (Då tek vi utgangspunkt i den tidlegast kjende vikingferda: angrepet på klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England i år 793.) Overgangen til mellomalderen skjedde gradvis i takt med kristning og rikssamling. Det er vanleg å tidfeste slutten av vikingtida til omtrent 1050. Arkeologar kallar gjerne vikingtida for yngre jernalder.

Fabelaktige dyr

Motiva i dyreornamentikken kan vise oss at menneska den gong hadde ei anna forståing av verda enn vi har i dag. I filmen under (lengde: 3:51) får du vite meir om kva slags forhold dei hadde til dyr i jernalderen og vikingtida.

Video: Historisk museum / Avgrensa bruksrett

Dyreornamentikk

Dyremotiv var ein viktig del av utsmykkingar frå siste del av 300-talet til kristendommen blei innført i Noreg på 1000-talet. Dyra skiftar form og karakter gjennom hundreåra.

Dyreornamentikk blir òg kalla dyrestil. Stilen var ikkje berre dekor, men spegla òg folks tru og førestillingsverd, der skiljet mellom menneske og dyr var meir flytande. Gudar og mektige menneske kunne skifte ham og forvandle seg til dyr, og menneske kunne overta krefter og eigenskapar frå dyra (Røstad et. al., 2022).

Dyreornamentikken lever vidare i overgangen frå norrøn til kristen tru, men symbola fekk nytt innhald.

Rytme og rørsle

I eit ornament blir motivet gjenteke. Dette skaper rytme. Band blei fletta saman og gjerne kombinerte med dyrehovud. Dei bølgande linjene kan gi oss ei kjensle av rørsle.

Dyr som skulle gi krefter

Dyreornamentikk på våpen

Krigarane skulle få kraft og eigenskapar frå dei dyra som blei gjengitt i dekoren. I filmen under (lengde 2 min.) får du sjå korleis dyreornamentikk blei brukt i våpen og utstyr som krigarane hadde på seg.

Video: Historisk museum / Avgrensa bruksrett

Det gigantiske Dalemsmykket

Ei mektig kvinne blei gravlagd på garden Dalem i Trøndelag på midten av 500-talet. I filmen under (lengde 2 min.) ser vi nærare på ei stor spenne som var festa til kappa hennar, og vi får høyre korleis dekorerte smykke kunne bli brukte i religiøse samanhengar.

Video: Historisk museum / Avgrensa bruksrett

Draken som symbol

Dyra vi finn i dyreornamentikken er ofte fantasiskapningar. Fleire kan minne om førestillinga vi har om drakar. Draken har blitt tolka som eit symbol på kampen for å overleve. Då kristendommen kom, fekk drakesymbolet nytt innhald. Då representerte draken det vonde og mørkets makter (Håberg, 1994, s. 166)

Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rønneberg, M. L. R. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Håberg, R. H. (1994). Kunst og kulturhistorie. Yrkesopplæring ans.

Opstad, L. (2020, 24. november). Ornamentikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/ornamentikk

Røstad, I. M., Aannestad, H. L., Elliott, K. & Mansrud, A. (2022). Fabelaktige dyr – fra jernalder og vikingtid. (2. utg). Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Stylegar, F. A. & Scott, I. (2005-2007). Osebergfunnet. I Store norske leksikon. https://snl.no/Osebergfunnet

Vikingmuseet (2023, 8. august). Osebergvogna. Universitetet i Oslo. https://www.vikingtidsmuseet.no/samlingene/oseberg/osebergvognen/index.html

Zakariassen, E. S. (2020, 18. november). Oversikt: vikingtiden. NDLA. https://ndla.no/article/27138

Relatert innhald

Fagstoff
Stilisering – kva er det?

Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.

CC BY-SA 4.0Skrive av Inger Gilje Sporaland og Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2024