Oppgåve
Importbedrift
Du ønskjer å importere russeklede frå Kina for vidaresal i Noreg. Kleda er rimelege, men kva kostnader kjem i tillegg ved import? Kva etatar må du rette deg etter, og kva lover og reglar må du kjenne til?
Bruk importguiden som du finn lenkje til nedanfor, når du svarer på oppgåva.
Tenk deg at du vil bestille 1 000 russedressar til 100 kroner stykket.
- Kor mykje må du då betale i toll?
- Kva er eit fortollingsgebyr? Sjå på oversikta du finn nedst på sida, og finn ut kor stort fortollingsgebyr du må rekne med å betale på russedressane.
- Om du importerer frå eit land som har ein frihandelsavtale med Noreg, kan du få lågare toll eller tollfritak. Kva land har Noreg frihandelsavtalar med? Har vi frihandelsavtale med Kina?
- Kor mykje meirverdiavgift må du betale på russedressane?
- Kva er ei særavgift? Må du betale særavgift på russedressane?
- Kva for ein offentleg etat kan du kontakte om du har spørsmål om import av varer?
- Rekn ut den totale inntakskosten for russedressane og inntakskost per dress. Legg eigne føresetnader til grunn dersom det er nødvendig.
Relatert innhald
Fagstoff
Regelverk for import av varerSkal bedrifta di importere varer frå utlandet, må du undersøke om de må betale toll, meirverdiavgift og eventuelle særavgifter.