Hopp til innhald
Oppgåve

Hennings skatebutikk

Henning skal starte ein skatebutikk.
  • Han skal kjøpe inventar og utstyr til butikken for kr 75 000.
  • Varelageret utgjer ein verdi på kr 125 000.
  • Henning har sparepengar som skal investerast i bedrifta: kr 45 000.
  • Kundane hans kan kjøpe på kreditt. Han reknar med gjennomsnittleg kr 15 000 i uteståande kundefordringar.
  1. Kor mykje utgjer kapitalbehovet til butikken?
  2. Kor mykje må Henning låne i banken for å komme i gang?