Oppgåve
Sushi Sasha
Frå Sushi Sasha har vi henta desse rekneskapstala:
Eigenkapital | kr 80 000 |
---|---|
Kontantar | kr 44 000 |
Varelager | kr 17 000 |
Kassekreditt | ? |
Inventar | kr 72 000 |
Kundefordringar | kr 6 000 |
Leverandørgjeld | kr 26 000 |
Gjeldsbrevslån | kr 58 000 |
Varebil | kr 95 000 |
- Berekne kapitalbehovet til Sushi Sasha, oppdelt i anleggsmiddel og omløpsmiddel.
- Berekne korleis kapitalbehovet er finansiert, oppdelt i eigenkapital, langsiktig gjeld og kortsiktig gjeld.
- Berekne eigenkapitalprosenten.
- Vurder eigenkapitalprosenten i bedrifta.