Oppgåve
Nail & Skin
Tove-Bente har etablert parfymeri- og negledesignbutikken Nail & Skin.
Ho har desse kontoane per 1. september:
- Varelager kr 70 000
- Kundefordringar kr 5 000
- Gjeldsbrevlån kr 120 000
- Inventar kr 90 000
- Kontantar kr 22 000
- Leverandørgjeld kr 29 000
- Kassekreditt kr 6 000
- Eigenkapital kr ?
- Utstyr kr 28 000
- Berekne eigenkapitalen.
- Berekne kapitalbehovet til butikken til Tove-Bente, oppdelt i anleggsmiddel og omløpsmiddel.
- Berekne korleis kapitalbehovet er finansiert, oppdelt i eigenkapital, langsiktig gjeld og kortsiktig gjeld.
- Berekne eigenkapitalprosenten.
- Berekne likviditetsgraden.
- Vurder den økonomiske situasjonen.