Hopp til innhald

Fagstoff

Språksituasjonen i Noreg i dag

Kva er språksituasjonen i Noreg i dag, og kva utfordringar vil det norske språket møte i framtida? I 2018 bad Språkrådet eit utval om å beskrive dette. Her får du kortversjonen vår av rapporten.
Ein gut med hovudtelefonar og ei jente med øyreproppar sit med kvar sin mobil ved matbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du byrjar å lese:

Kva veit du om språksituasjonen i Noreg i dag?

Mediespråk i endring

Niåringen frå Ørsta sit med iPaden på fanget ein haustdag. Han syner fram kva program dei bruker i undervisninga på skolen. Få av dei er laga i Noreg, ingen av dei er på nynorsk. [...] I helgene likar han å sjå ein serie på Disney Channel. Den eldre søstera er helst på YouTube. Mora likar best seriar på Netflix.

Språkrådets framtidsutvalg, 2018

Jente les på nettbrett på trikken. Foto.

Kor mange sosiale medieplattformer er du på? Og når såg du lineær-tv sist? Medievanane våre har endra seg raskt på få år. Vi blir eksponerte for engelsk i tidlegare alder enn før, og vi bruker meir tid framfor skjerm enn nokon gong. Derfor møter barn og unge mindre norsk i oppveksten enn før. Dessutan må dei norske medieaktørane konkurrere mot internasjonale gigantar som produserer engelskspråkleg innhald. Over halvparten av alle norske husstandar abonnerer på Netflix, og dei unge bruker meir tid på YouTube enn TV.

Ufordringer og løysingar

Den norske ungdomsserien Skam, som gjekk på NRK mellom 2015 og 2017, blei ein internasjonal suksess. Plutseleg var norsk det "heitaste" språket rundt om i verda. Skal norsk òg vere "heitt" i Noreg, må vi lage mykje nok og godt nok medieinnhald på norsk – og gjere innhaldet lett tilgjengeleg. Det gjeld til dømes film, seriar, tv-show, musikk og spel, men også nyheitsformidling og folkeopplysing. Så lenge norsk og samisk er språka vi bruker i det offentlege, er det viktig for demokratiet at vi møter og bruker desse språka i mediekvardagen. Det gjeld både nynorsk og bokmål, dialektmangfaldet, og dessutan dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det kostar sjølvsagt pengar, og den internasjonale konkurransen er stor.

Lag ei liste: Kor mange norskspråklege seriar eller filmar har du sett den siste månaden? Og kor mange engelskspråklege seriar eller filmar har du sett i same tidsrom?

Språkteknologisk kvardag

Olga (92) bur framleis heime. Det kan ho gjere fordi ho har god hjelp i teknologien rundt seg: Treng ho å skru på lyset, seier ho det høgt. Kjøleskapet bestiller ekstra mjølk når det ikkje er meir igjen, og ho snakkar til ei mobil eining når ho treng ekstra tilsyn frå eldresenteret, som også reknar ut kva medisin ho treng for hjartet.

Språkrådets framtidsutvalg, 2018

I Noreg er me raskt ute med å bruke ny teknologi. Dagens språkteknologi er meir avansert enn vi kunne førestille oss for berre få år sidan. Det er ikkje mange år sidan omsetjingsmaskinar var science ficton eller berre noko som eksisterte i Donald-blada. No kan du snakke til mobilen din på norsk, og i neste augeblink snakkar mobilen polsk. Vi blir meir og meir avhengig av fordelane ein slik teknologi gir oss i jobb, skule og kvardag.

Utfordringar og løysingar

Sjå for deg at helsa di er i hendene på taleteknologi som ikkje forstår kva du seier, slik situasjonen var for Olga (92) ovanfor. Ofte finst ny teknologi berre på engelsk, og å omsetje programvara til norsk er ikkje akkurat førsteprioritet hos store, internasjonale aktørar. Når programvara likevel er tilpassa norsk, er ho kanskje ikkje like god som for engelsk, eller ho forstår ikkje vossamål.

Vår største utfordring er derfor å leggje til rette for og utvikle teknologi som både forstår norsk – dialektar og begge skriftspråka – og minoritetsspråka våre. Teknologien må dessutan vere god nok til å konkurrere med engelskspråkleg programvare. Dersom vi ikkje får til det, får ikkje alle lik tilgang til informasjon og tenester, som er eit alvorleg problem for demokratiet og velferdssamfunnet. Det er òg eit velferdsproblem. Sjå berre for deg at helsa di er i hendene på taleteknologi som ikkje forstår kva du seier. Dessutan truar den språkteknologiske engelskdominansen òg det språklege mangfaldet. Språk med få språkbrukarar, til dømes samisk – eller nynorsk – taper i møtet med den engelskdominerte språkteknologien.

Tenk over og diskuter: Kva moglegheiter gir språkteknologien oss – i dag og i framtida?

Eit fleirspråkleg Noreg

Statsborgarseremoni. Foto.

Kanskje er det mange ulike morsmål i klassen din. Kanskje snakkar du sjølv norsk på skulen, engelsk med venner og eit anna morsmål heime. Det språklege mangfaldet har nemleg auka i takt med samfunnsendringar dei siste åra. Engelsk får stadig større innpass i det norske samfunnet, særleg i akademia og delar av næringslivet, men også i kvardagen. I tillegg finst det i dag truleg 200–300 minoritetsspråk i Noreg – såkalla innvandrarspråk.

Noreg har faktisk vore eit fleirspråkleg samfunn lenge. Urfolksspråket samisk er i dag likestilt med norsk innanfor forvaltningsområdet for samiske språk. Dessutan finn vi norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, som har lang tradisjon i Noreg. Noreg har eit særleg ansvar for desse minoritetsspråka, og dei er ein viktig del av Noregs kulturarv.

Utfordringar

Nynorsk er under sterkt press frå bokmål og frå engelsk. Det kan du lese meir om nedanfor under overskrifta "Særlige utfordringar for nynorsk". Utover nynorsksituasjonen er det særleg to hovudutfordringar knytte til det fleirspråklege Noreg.

  1. Samisk og dei nasjonale minoritetsspråka er under sterkt press frå norsk og engelsk.

  2. Fleirspråklegheit blir sett på som ei byrde heller enn ein ressurs.

Noreg er forplikta til å fremje samisk og dei nasjonale minoritetsspråka, og til å verne om både språka og rettane til språkbrukarane. Det skjer mellom anna gjennom å spreie kunnskap om språka, utvikle læremiddel, styrkje opplæring og forsking – og generelt gjere dei meir synlege i samfunnet. Sjølv om rettane til minoritetsspråka er nedfelte i lova, blir dei dessverre ikkje alltid oppfylte.

Asria er på fireårskontroll med sonen Yusef. «Eg håper de snakkar norsk med guten heime?» [seier helsesjukepleiaren] Det må Asria svare nei til. Dei snakkar somali heime, av og til arabisk. Yusef har lært seg godt norsk i barnehagen, men helsesjukepleiar meiner det kan vere skadeleg for norskopplæringa om han høyrer for mykje somali heime. Asria er skamfull.

Språkrådets framtidsutvalg, 2018

Asria og Yusefs situasjon i dømet over er vanleg. Kanskje er det fordi mange trur fleirspråklegheit hemmar språkutviklinga til barn. Og kanskje er det fordi mange meiner at det er viktigare at barnet lærer majoritetsspråket. Slike haldningar har òg kvener, samar, døve og hørselshemma blitt møtt med. Ifølgje forsking er det derimot ikkje skadeleg for barn å vekse opp med å snakke eit anna språk enn norsk heime. Forskarane er einige om at det beste for barn, er at foreldra snakkar det språket dei sjølv kan best.

Vi må likevel leggje til rette for at alle har kompetanse i majoritetsspråket norsk. Det er til dømes utfordrande for eit barn å byrje på skulen utan å kunne det språket som blir brukt i klasserommet. Det aukande språklege mangfaldet gjer det derfor viktigare enn nokon gong å gi alle tilgang til norsk. Det offentlege har eit stort ansvar for å spreie kunnskap om fleirspråklegheit og å skape forståing for at fleirspråklegheit er ein ressurs, ikkje ei byrde.

Kva råd vil du gi? Korleis kan vi utnytte fleirspråklegheit til noko positivt i klasserommet og i samfunnet elles?

Språkmangfald i arbeidslivet

På en arbeidsplass i Oslo går alarmen en tidlig morgen. Et stillas har falt ned. Arbeidslederen denne dagen, en polakk som har vært flere år i Norge, kan ikke ringe ambulansetjenesten og forklare hvor de er. Han snakker verken norsk eller engelsk. [...] det er én person i arbeidsstokken som kan gjøre seg forstått når det trengs. Han er imidlertid ikke på jobb denne dagen, og konsekvensen er fatal. Hjelpen kommer for sent.

Språkrådets framtidsutvalg, 2018

Anten du skal ut i arbeidslivet eller studere vidare etter avslutta vidaregåande utdanning, vil du møte på eit fleirspråkleg miljø. Til dømes er over ein tredel av arbeidsstokken i byggjenæringa utlendingar, og arbeidslivet vil bli multinasjonalt òg i framtida. Du kjem heilt sikkert òg til å bruke engelsk – kanskje berre ein gong i blant, kanskje som einaste språk. Engelsk er nemleg i ferd med å fortrengje norsk både i akademia og på ulike område innanfor arbeidslivet.

Utfordringar og ansvar

Polske arbeidarar i Noreg. Foto.

På ein fleirspråkleg arbeidsplass kan det sjølvsagt oppstå kommunikasjonsproblem. I dømet over fører det til dødsfall. Undersøkingar viser òg at dei som ikkje kan norsk, blir rekna som dårlegare arbeidskraft med dårlegare løn og arbeidsvilkår. I tillegg er det påvist at ungdom vegrar seg for å søkje bygg- og anleggsfag fordi bransjen blir dominert av utanlandsk arbeidskraft. Det påverkar òg lønsutviklinga og gjer det vanskeleg å skape sosialt fellesskap på jobb.

Det er først og fremst eit behov for god norskopplæring og lovfesta rettar for arbeidstakarane. Ansvaret ligg både hos styresmaktene, arbeidsgivarane og arbeidstakarane sjølv.

Tenk over: Har du konkrete planar for eiga jobbframtid? Kva veit du om språkforholda i den framtidige jobbkvardagen din?

Norsk i skulen i ei meir global verd

Skulen er viktig for språkopplæringa, og der står norskfaget sentralt. Men både skulen og norskfaget er i endring. Auka innvandring, digitalisering av klasserommet og engelskpåverknad er samfunnstrendar som påverkar skulen. Sju prosent av elevane i landet får særskild norskopplæring fordi dei har eit anna morsmål enn norsk. I Oslo er talet 20 prosent. Dessutan endrar digitaliseringa kva og korleis vi les og skriv på skulen. Meir går føre seg på skjerm, og framleis er mange av dei digitale hjelpemidla engelskspråklege. Det gir dårlegare kår for norsk – særleg nynorsk.

Tenk over og diskuter: Kva fordelar og/eller ulemper ser du med at du har omsetjingsprogram, digitale ordbøker og internett når du lærer deg språk?

Utfordringar

Alle bør kunne få grunnleggjande lese- og skriveopplæring på morsmålet sitt, og skulen må utnytte det fleirspråklege klasserommet som ein ressurs. Samtidig er det viktig å sørgje for at alle får lik moglegheit til å lære norsk. God kompetanse i hovudspråket er viktig for god deltaking i samfunnet, for kommunikasjon mellom det offentlege og innbyggjarane, og for den nasjonale fellesskapen. Deltaking, kommunikasjon og fellesskap er avgjerande for eit velfungerande demokrati.

Samtidig blir verda stadig mindre, og vi blir stadig meir internasjonale. Engelsk er i Noreg og verda, og me treng gode engelskkunnskapar. Derfor må skulen sørgje for god norskopplæring så vel som god engelskopplæring.

Når det gjeld digitaliseringa i klasserommet, må vi mellom anna jobbe for at elevar får oppfylt dei språklege rettane sine. Det gjeld mellom anna elevar med nynorsk som hovudmål, som har krav på nynorske læremiddel.

Særlege utfordringar for nynorsk

Sjølv om nynorsk og bokmål er likestilte, har nynorsk vanskelegare levevilkår. Nynorsk er under press, og som mindretalsspråk i skulen og i samfunnet får det særbehandling. Elevar med bokmål som hovudmål er omgitt av bokmål, medan elevar med nynorsk som hovudmål har mykje færre språklege førebilete. Dessutan er læringsressursane på bokmål både fleire og i mange tilfelle betre enn ressursane på nynorsk. Dette er særleg utfordrande i ei tid der læringsressursane i stor grad er digitale – og berre eksisterer på bokmål eller engelsk. Attpåtil opplever mange nynorskbrukarar at skriftspråket deira har lågare status enn bokmål.

Korleis løyser vi utfordringane for nynorsk?

Språkrådet framtidsutval (2018) foreslår følgjande for å styrkje posisjonen til nynorsken:

  • Elevar med nynorsk som hovudmål må møte meir nynorsk i skulen.

  • Strengare reglar for språk i læringsressursar

  • Vurdere om elevar i ungdomsskulen skal ha rett til undervisning på hovudmålet sitt saman med andre elevar med same hovudmål.

  • Dagens sidemålsordning med eigen eksamen og standpunktkarakter kan gjerast annleis – så lenge formålet er å styrkje posisjonen til nynorsken i skule og samfunn.

  • Elevane bør vurderast i nynorsk og bokmål i staden for sidemål og hovudmål for å gjere tydeleg kva kompetanse elevane faktisk har i dei to skriftspråka. Elevar med andre morsmål enn norsk bør få moglegheit til å lære begge skriftspråka.

Domenetap – engelsk erstattar norsk

Han sitter midt i forelesningssalen på et norsk universitet og hører foreleseren legge fram dagens oppgaver på engelsk, ikke engang godt engelsk. Men all faglitteratur er på engelsk, alle fagtermer er det. Han vet han kommer til å skrive masteroppgaven sin på engelsk. På hans fagområde er det nesten ingen som skriver på norsk lenger.

Språkrådets framtidsutvalg, 2018

Engelsk ordbok. Foto.

Internasjonaliseringa i samfunnet fører til at norsk blir erstatta av engelsk på fleire område, som i dømet ovanfor. Når eit språk blir erstatta av eit anna innanfor eit bestemt samfunnsområde på denne måten, kallar vi det domenetap. I verste fall forsvinn norsk heilt.

Kvifor bør me unngå domenetap?

Norsk må kunne brukast til å formidle spesialisert kunnskap dersom språket skal fungere som samfunnsberande språk i framtida. Viss engelsk tek over i høgare utdanning til dømes, forsvinn norsk fagspråk for det fagområdet. Og sidan det òg kan vere veldig varierande kvalitet på den engelsken som blir brukt i undervisninga, kan norske studentar ende opp med eit fagspråk som verken er godt nok på engelsk eller norsk. På same tid viser undersøkingar at arbeidsgivarar trekkjer fram norskkunnskapar som den viktigaste språkkompetansen.

Studentar i eit auditorium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kort sagt:

For å beskrive språksituasjonen i Noreg i dag, kan vi bruke seks hovudkategoriar:

  1. mediespråk i endring

  2. ein språkteknologisk kvardag

  3. det fleirspråklege Noreg

  4. språkmangfald i arbeidslivet

  5. språk i skulen

  6. språkval i akademia

Kva hugsar du frå det du har lese? Skriv ned stikkord til kvart punkt. Bruk punkta og stikkorda til å oppsummere språksituasjonen i dag saman med ein medelev.

Saknar du noko? Er det nokre moment du meiner burde vore med her som manglar? Sjekk om det står noko om det i rapporten til Språkrådet, Språk i Noreg - kultur og infrastruktur (ekstern lenkje).

(Tips: Trykk ctrl+f eller cmd+f og skriv inn ordet du vil leite etter i søkjefeltet )

Relatert innhald

Kjelder:

Schwach, V. og M. Elken (2018). Å snakke fag på et språk andre forstår. Norsk fagspråk i høyere utdanning og arbeidsliv. NIFU-rapport 2018:20. Henta frå: https://www.sprakradet.no/globalassets/vi-og-vart/rapporter-og-undersokelser/nifu_rapport_2018.PDF (mars 2021)

Språkrådets framtidsutval (2018). Språk i Norge - kultur og infrastruktur. Utgitt oktober 2018. Henta frå: https://www.sprakradet.no/globalassets/diverse/sprak-i-norge_web.PDF (mars 2021)


CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2020

Læringsressursar

Språk og samfunn