Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nynorskforakt?

Stavangerforfattaren Tore Renberg opplever at det finst ei forakt for nynorsk. Dette synest han er svært umoderne. Kvar kjem eventuelt forakta frå? Og kvifor er ho umoderne?

Del 1: Foraktar du språket, foraktar du òg ...

Forfattaren Tore Renberg frå Stavanger voks opp med bokmål som hovudmål – slik tilfellet er i dei fleste norske bykommunar. Rundt seg opplevde han det han kallar ei forakt for nynorsk. Då Renberg byrja på ungdomsskulen, fekk han sjølv den same forakta for nynorsk.

I grupper eller i plenum:

  1. Kva betyr "forakt"? Prøv å finne ut av det saman – i gruppe eller i klassen – før de eventuelt søkjer opp ein definisjon.

  2. Forakt er eit sterkt ord. Diskuter med gruppa eller klassen kva de foraktar.

    • Grunngi haldningane dykkar

    • Ver opne for ulike syn

    • Det er lov å endre meining overfor eit godt argument.

  3. Finn grunnar til at vi menneske nedvurderer andre sitt språk – anten det er eigne språk eller dialektar.

  4. Tore Renberg hevdar nynorskforakt er umoderne. Kva trur de han meiner med det?

Del 2: "Den paradoksale nynorskforakta"

I ein artikkel publisert i Stavanger Aftenblad skriv Tore Renberg om det han kallar "den paradoksale nynorskforakta". Klikk på lenkja og les artikkelen.

Mens du les

Tenk over og gjer notat til følgjande:

  1. Finn argumenta Renberg har for at

    1. det eksisterer ei nynorskforakt

    2. nynorskforakta er paradoksal

    3. nynorskforakta er umoderne

  2. Kvar kjem forakta frå, ifølgje Renberg, og kva argument har han for det?

  3. Korleis vil du seie Renberg bruker seg sjølv som døme og argument i artikkelen?

  4. Kva er formålet med artikkelen?

Etter at du har lese

Diskuter spørsmåla 1–4 ovanfor i grupper.

Del 3: Engasjer deg i teksten

Diskuter i grupper. Skriv ned sentrale påstandar og grunngivingar:

  1. Finst det ei nynorskforakt i Noreg?

  2. Er nynorskforakt, slik Renberg beskriv ho, umoderne?

  3. Er det snakk om forakt for eit språk eller for ein bestemd kultur eller gruppe menneske?

  4. Har ein eller fleire på gruppa erfaringar med språkforakt eller språkfordommar? Diskuter om erfaringane eventuelt kan samanliknast med det Renberg skriv om.

Del 4: Skriv om det

Nedanfor finn du fire sitat frå Tore Renbergs artikkel og eit sitat frå Bjørnstjerne Bjørnson. Ta utgangspunkt i Bjørnsons sitat pluss eitt av sitata frå Tore Renbergs artikkel. Du skal velje mellom

  1. å ta stilling til synspunkta og argumentere for eller imot, eller

  2. å reflektere over og drøfte synspunkta

Du bør bruke kunnskap om språkhistoria og om språksituasjonen i Noreg i dag og vise til kjelder.

Bjørnstjerne Bjørnson:

Lad mig tilføie mit stærkeste Argument, som jeg ser jeg har glemt som sædvanlig. Naar Norge faar 3 Millioner, har Kristiania 1. Byens Formue vil da forholde sig til Landets som 3 til 1. Men Intelligensen som 20 til 1. Her er Kulturens faste Borg, hvor man f. Eks. aldrig vil komme til at si "sleike" for slikke. Det hjælper ikke at pege paa Indvandringen fra Landet. Al Historie lærer os, at Indvandrere tilegner sig det som findes paa det Sted, hvor de slaar sig ned. Vil man opad og udad, gaar Veien gjennem det kulturelle Maal.

Bjørnstjerne Bjørnson (1899)

Tore Renberg:

Me er ikkje fødde med nynorskirritasjon. Dette handlar, slik eg ser det, om kultur; det handlar om nedarva forakt, det handlar om fordommar.

Renberg 2018

Tore Renberg:

... språk er identitet, og nynorsk er det beste skriftspråket for oss som seier "eg" og "ikkje" og "kor" og "ka" og "helsiken" og "kaffornåge".

Renberg 2018

Tore Renberg:

Kidsa i dag, dei preikar lingo som dei vil. Dei vil ha det same språket i fingrane som dei har i kjeften. Og dei er framtida, enten me oldisar likar det eller ei.

Renberg 2018

Tore Renberg:

Me vil ikkje skriva det språket som ligg nært vår eigen tale og tanke, men me synest det er fint så lenge det er lyrikk og poesi.

Renberg 2018

Kjelder:

Bjørnson, Bjørnstjerne (1899). En dør utad (versjon Dagbladet). Logoens store sal, Kristiania. 23. oktober 1899. Henta frå: http://virksommeord.no/tale/2/.

Renberg, T. (2018). Den paradoksale nynorskforakten. Henta frå: https://www.aftenbladet.no/kultur/i/qngej0/den-paradoksale-nynorskforakten (april 2021).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn