Hopp til innhald
Oppgåve

Undersøk språk i moderne medium

Oppgåve

Del 1: Medievanane dine

Kor mange timar bruker du framfor ein skjerm i løpet av dagen? Kva ser du på då?

  1. Lag ei klokke som viser kva du ser på og når i løpet av ein gjennomsnittleg vekedag. Bruk fargar som viser kva som er skulerelatert, film, dokumentarar, podkast og så vidare.

  2. Kor mykje av dette er engelskspråkleg?

  3. Diskuter i klassen: Kva bruker de mest tid på? Er det forskjell mellom til dømes gutar og jenter?

Del 2: Norsk og engelsk på ulike medieplattformer

Medietilsynet har undersøkt kor mykje norsk og engelsk unge mellom 9 og 18 møter i media. Sjå resultata og les nokre korte kommentarar på Medietilsynet. Svar deretter på spørsmåla under:

  1. Studer resultata for dei fem ulike medieplattformene nedst på sida. Diskuter om nokon resultat overraskar eller er som forventa.

  2. Korleis stiller de dykk til dei ulike resultata? Positivt, negativt eller likegyldig? Forklar kvifor.

  3. Språkrådets direktør Åse Wetås bruker uttrykka "fattig språk" og "rikt og godt språk". Kva er eit "fattig" og eit "rikt" språk for dykk? Bruk først nokre minutt til å gjere dykk nokre tankar og notat på eiga hand. Del og diskuter i grupper etterpå.

Del 3: Korleis påverkar media språksituasjonen vår?

I språkloven (2022) blir språksituasjonen i Noreg beskriven. I kapittelet 5.2 "Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken" kan du lese kva dei skriv om korleis språket i media påverkar språksituasjonen vår.

Tips: Bruk Ctrl+F for å søke etter kapittelet og ord i teksten.

Les teksten og svar på spørsmåla under:

  1. Kva utfordringar står Noreg overfor når det gjeld forholdet mellom språk og medium, og kvifor er det vanskeleg å løyse desse utfordringane?

  2. Kva tiltak foreslår utvalet for å styrkje norsk språk i media?

  3. Kva tiltak foreslår utvalet for minoritetsspråk som samisk, kvensk, teiknspråk og nynorsk?

Del 4: Diskuter

Diskuter i klassen eller i mindre grupper:

  1. Kor viktig er det med ein bevisst mediepolitikk i tilknyting til språksituasjonen i Noreg?

  2. Kva meiner de er det viktigaste tiltaket for å verne utsette språk?

Relatert innhald