Hopp til innhald

Fagstoff

Når språk møtest

Når to språk kjem i tett kontakt, oppstår det vi kallar språkmøte. Møte mellom språk liknar møte mellom menneske: Når vi møter kvarandre, påverkar vi kvarandre. Kanskje vi til og med utviklar oss litt? Men for somme språk blir desse møta skjebnesvangre.
Fleirspråkleg skilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skjer når språk møtest?

Visste du at omtrent 30 % av orda du bruker til dagleg er lån? Det er nemleg det som skjer når språk er i kontakt med kvarandre over lengre tid: Dei låner frå kvarandre. I det norske språket har vi lånt mykje frå , latin, gresk og engelsk.

I dagens globaliserte samfunn er norsk i tettare kontakt med andre språk enn nokosinne. Det er særleg verdsspråket engelsk som påverkar norsk. For seier du "snowboard" og "body lotion" eller "snøbrett" og "hudkrem"? Engelsk påverkar både ordforrådet og setningsoppbygginga i det norske språket.

Også verdsspråket engelsk har importert ord frå utlandet. Det har særleg lånt mykje frå fransk og latin. Men veit du kor engelskmennene har henta "awkward", "window" og "rotten" frå?

Svaret er at dei har lånt orda av oss. Desse låna stammar frå vikingtida då engelskmennene var i tett kontakt med krigarane frå Skandinavia. I tillegg har engelskmennene henta mange ord frå både fransk og latin.

Kontaktspråk

Når folkegrupper med ulike språk har kontakt med kvarandre over lang tid, kan det oppstå eit kontaktspråk som hentar element frå begge språka.

Pidginspråk er ein forenkla versjon av majoritetsspråket, der enkelte språkuttrykk frå minoritetsspråket er innblanda. Eit døme på eit slikt språk er russenorsk, som oppstod i samband med grensehandel i Nord-Noreg.

Les om russenorsk på NRK.

Blandingsspråk

Blandingsspråk blir brukt som nemning når språklege særtrekk frå to fullt utvikla språk blir blanda. Vi kan kalle romanispråket eit blandingsspråk fordi det kombinerer eige ordtilfang med norsk grammatikk.

Norsk, samisk og kvensk lever side om side enkelte stader i Nord-Noreg. Resultatet kan bli eit blandingsspråk. Dette har til dømes skjedd i Nordreisa.

Les om dialekten i Sappen i Nordreisa (reisaelva.no).

Når små og store språk møtest

Eit vanleg språkmøte er det mellom eit stort majoritetsspråk og eit mindre minoritetsspråk.

Kva er eit majoritetsspråk?

Majoritetsspråket er det språket som blir brukt av fleirtalet i eit samfunn. Majoritetsspråket er som regel også det offisielle språket i eit land. Med offisielt meiner vi at myndigheitene bruker språket som administrasjonsspråk.

I Noreg har vi to offisielle språk: norsk og samisk. Norsk er majoritetsspråket, og det har to likestilte skriftspråk: bokmål og nynorsk.

Kva er eit minoritetsspråk?

Minoritetsspråk er språk som blir snakka av mindre grupper i samfunnet. I Noreg er det i dag registrert mellom 150 og 200 ulike minoritetsspråk. Dei fleste av desse språka er nokså "nyinnvandra", men vi har også fire nasjonale minoritetsspråk i Noreg: samisk, kvensk, romani og romanes.

Skjebnesvangre språkmøte

Språkmøte mellom majoritets- og minoritetsspråk kan i verste fall føre til språkdød. I Noreg er til dømes minoritetsspråka kvensk, romani og romanes trua av majoritetsspråket norsk.

Vi reknar med at det finst over 6000 ulike språk i verda. Somme forskarar meiner at så mykje som 90 % av desse språka kan døy ut (Endresen, 2000). Hovudårsaka til språkdød er at eit stort språk langsamt tek over for eit mindre språk. Dette kan skje både frivillig og ved tvang. Uansett viser trusselen mot mange minoritetsspråk at språkmøte kan føre til at språk blir utrydda.

Eit døme

Eit typisk døme på at menneske frivillig går over frå eit minoritetsspråk til eit majoritetsspråk, finn vi i Afrika. På dette kontinentet er det mange ulike stammespråk som ikkje liknar kvarandre, sjølv om dei eksisterer side om side med korte geografiske avstandar. I Aust-Afrika går derfor kommunikasjonen i stor grad føre seg på majoritetsspråket swahili. Dermed forlèt mange unge det lokale stammespråket, fordi dei ikkje ser nytta av det.

Sjå klippet om den internasjonale morsmålsdagen over. Legg merke til kva som blir sagt om kvifor språk døyr ut.

Tenk over: Har norsk nokon av desse fareteikna?

Kjelder

Endresen, R.T. (2000). Språkdaude. Språknytt, 2000 (4), 1–4. Henta frå https://www.sprakradet.no/.

Grepstad, J. (2018, 09. januar). Språkdød. Henta frå https://www.allkunne.no/framside/sprak/omgrep/sprakdod/67/86498/.

Grov, A.M. (2016). Når språk skal reise seg. Språknytt, 2015 (1). Henta frå https://www.sprakradet.no/.

Lomheim, S. (2003). Framtiden i våre hender. Språknytt, 2003 (1–2). Henta frå https://www.sprakradet.no/.

Rise, H–O. (2016, 21. september). Slik har engelsk lånt seg til språktoppen. Henta frå https://framtida.no/2016/09/21/slik-har-engelsk-har-lant-seg-til-spraktoppen.

CC BY-NC-NDSkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019

Læringsressursar

Språk og samfunn