Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Språkteknologi - på godt og vondt

Teknologisk utvikling er positivt, men kan det òg få nokon negative konsekvensar? I desse oppgåvene skal de ha eit kritisk blikk på, og diskutere samanhengen mellom, teknologi og språk.

Oppgåve 1

Sjå reklamefilmen frå Rema 1000 og diskuter:

  1. Bruker de noko av teknologien som blir vist i denne filmen?

  2. Kva er bodskapen i filmen? Er de einige?

  3. Kva verkemiddel bruker avsendaren for å få fram bodskapen?

  4. Kva har denne filmen med språk og teknologi å gjere?

Oppgåve 2

Vel minst éin av påstandane under og diskuter i grupper:

  1. Vi treng ikkje lenger å lære andre språk på skulen. Vi kan klare oss med omsetjingsprogram.

  2. Teknologi gjer at eg ofte bruker engelsk.

  3. Det er viktig at dei store teknologifirmaa òg legg til rette for andre språk enn dei store verdsspråka.

  4. Teknologi kan føre til at det norske språket etter kvart vil forsvinne.

Oppgåve 3

Teknologien legg i aukande grad til rette for munnleg kommunikasjon, til dømes ved talemeldingar, videochat, filmar, filmklipp og podkastar.

Dagens kommunikasjonsteknologi har òg ført til at det er færre situasjonar der vi kjenner det naturleg å opptre formelt. Vi kjem tett på kvarandre sjølv om den fysiske avstanden er stor.

Diskuter i grupper:

  1. Korleis påverkar dette korleis vi skriv?

  2. Korleis påverkar det talemålet vårt?

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

Språk og samfunn