Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på å skrive kortsvar som samanliknar tekstar

Korleis skal du gå fram når du skal skrive ei samanlikning i kortsvaroppgåva? Her skal du øve deg på å skrive eit kortsvar som skal samanlikne natursynet i eit romantisk dikt og ei moderne sakprosabok.
Ei gruppe menneske går tur mellom vatn og fjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips

Før du set i gang med å øve, foreslår vi at du går gjennom oppgåva "Korleis samanlikne tekstar i kortsvar?". Då vil du vite kva som kjenneteiknar eit godt svar på oppgåva.

Del 1: Les og diskuter oppgåva

Les oppgåveteksten og vurderingsteksten i ramma under. Diskuter deretter i par eller grupper:

  1. Forstår de kva oppgåva ber dykk om å gjere? Skriv ned eventuelle spørsmål de måtte ha.

  2. Les vurderingsteksten, og diskuter om de forstår kva som må til for å lykkast med denne oppgåva. Skriv ned eventuelle spørsmål.

  3. Ta opp spørsmåla de sit igjen med, i plenum.

Oppgåve

Vedlegg:

  • "Naturen er din mester". Dikt av William Wordsworth, 1798.

  • På naturens skuldre: Hvordan ti millioner arter redder livet ditt (utdrag). Sakprosabok av Anne Sverdrup-Thygeson, 2020.

Samanlikn korleis naturen blir skildra i dei to vedlagde tekstane. Bruk døme frå tekstvedlegga i svaret ditt.

Skriv omtrent 300 ord.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

Tekstforståing:

  • Svaret samanliknar tekstvedlegga på ein relevant måte og bruker døme.

Språkføring og fagspråk:

  • Språket er gjennomgåande godt formulert, med variert ordtilfang.

  • Svaret har relevant og presis bruk av fagspråk.

Struktur:

  • Svaret har formålstenleg og variert setningsstruktur og god samanbinding mellom setningar.

  • Tekstvedlegga blir samanlikna på ein oversiktleg måte.

Formelle ferdigheiter:

  • Det er gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetting.

Wordsworth og Sverdrup-Thygeson

Del 2: Samanlikn framstillinga av naturen

William Wordsworth står i tankar ute i naturen. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb åleine

  1. Les diktet "Naturen er din mester", og formuler med eigne ord korleis naturen blir skildra i Wordsworth sin tekst.

  2. Les utdraget frå På naturens skuldre: Hvordan ti millioner arter redder livet ditt. Formuler også her med eigne ord korleis naturen blir skildra.

  3. Skriv minst tre moment som du synest det er viktig å skrive om når du skal samanlikne framstillinga av naturen i tekstane.

Jobb saman med ein medelev

  1. Diskuter det de svarte på førre oppgåve.

  2. Den eine teksten er eit dikt, mens den andre er utdrag frå ei sakprosabok. Kva har det å seie for korleis de vil svare på oppgåva?

I plenum

Samanfatt det de har diskutert i par.

Del 3: Forståing og fagomgrep

Sit i par

  1. Les først gjennom diktet saman. Skriv ned minst tre døme frå teksten som de synest formidlar natursynet i teksten.

  2. Kva verkemiddel bruker Wordsworth for å formidle temaet i diktet? Skriv ned minst to, og gi døme.

  3. Les gjennom utdraget frå sakprosaboka til Anne Sverdrup-Thygeson. Skriv ned minst tre døme frå teksten som de synest formidlar natursynet i teksten.

  4. Kva fagomgrep vil de bruke om måten Sverdrup-Thygeson prøver å overtyde lesaren sin på? Skriv ned minst to, og gi døme.

Hugs!

  • Når de omtaler verkemiddel i skjønnlitterære tekstar, som dikt, er det vanleg å peike på språklege verkemiddel og bruke omgrep som "metafor", "kontrast" osb.

  • Det er òg vanleg å bruke fagomgrep som "motiv" og "tema". Om teksten har ein heilt tydeleg "bodskap", kan du òg bruke dette fagomgrepet.

  • I sakprosatekstar passar det òg å peike på språklege verkemiddel, men i tillegg kan de til dømes bruke omgrep frå retorikken, slik som etos, patos og logos. Andre relevante omgrep kan vere "skjult argumentasjon", "open argumentasjon", "premiss" osb.

  • Det er mindre vanleg å skrive om "motiv" og "tema" i sakprosatekstar. Vanlegare er "bodskap" eller "hovudsyn".

Litt hjelp på vegen?

Dette kan vere relevante fagomgrep om verkemiddel i diktet:

  • besjeling

  • positivt og negativt verdiladde ord

  • kontrastar

Og dette kan vere relevante omgrep om korleis sakprosateksten vil overtyde:

  • patos og logos

  • humor

  • satire

  • overdriving

Del 4: Skriv svaret på oppgåva

No har du forhåpentlegvis nok kunnskap til å skrive eit godt svar på oppgåva. Du kan skrive fritt eller følgje steg-for-steg-rettleiinga under. Alle døma er tekne frå modellteksten tilrådd i oppgåva "Korleis samanlikne tekstar i kortsvar?".

Modellteksten samanliknar synet på byen i to dikt, som framstiller byen heilt ulikt. Bruk strukturen og tilrådingane som inspirasjon, mens hugs at innhaldet i modellteksten ikkje kan overførast til di eiga skriving. Du skriv om ein sakprosatekst og eit dikt, og synet på naturen er ganske likt i tekstane dine.

A. Skriv innleiinga

Skriv ei kort innleiing. Følg gjerne råda under. I innleiinga kan du òg

  • presentere sjangeren i tekstane

  • plassere tekstane i kontekst (romantikken og moderne tid)

B. Skriv eit avsnitt om motiv, tema og bodskap

Etter innleiinga kan det vere lurt å ha eit avsnitt der du, med eigne ord, samanliknar natursynet i diktet og sakprosateksten. Bruk gjerne fagomgrepa motiv og tema/bodskap om diktet og bodskap/hovudsyn om Sverdrup-Thygeson sin tekst.

C. Skriv resten av hovuddelen

Skriv to–tre avsnitt til i hovuddelen din. Alle avsnitta skal samanlikne natursynet i tekstane. I tillegg kan du skrive om korleis dette natursynet blir formidla. Då er det naturleg å bruke relevante fagomgrep om verkemiddel og argumentasjon.

Les gjerne gjennom råda om tekstforståing, struktur, fagomgrep og setningskoplarar under før du skriv.

D. Skriv avslutninga

Skriv ei avslutning til kortsvaret ditt. Det er mange måtar å gjere dette på, men bruk gjerne sjansen til å både reflektere sjølvstendig og vise kunnskap om tekst i kontekst.

Del 6: Gi og få tilbakemelding

Byt svar med ein annan i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding etter desse kriteria.

  1. Er svaret tydeleg delt inn i innleiing, hovuddel og avslutning?

  2. Svarer teksten på oppgåva? Altså: Samanliknar han natursynet i diktet og utdraget frå sakprosaboka?

  3. Blir det brukt sitat frå vedlegget som grunngiving? Og er desse bakte godt inn i språket?

  4. Har svaret gode temasetningar som gjer det klart kva avsnittet skal handle om?

  5. Handlar kvart avsnitt om eitt moment?

  6. Er det brukt setningskoplarar som skaper flyt i teksten?

Del 7: Nokon frivillige?

Var det nokon som las eit svar som imponerte dei? Be læraren lese høgt og kommentere!

Relatert innhald

Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2022

Læringsressursar

Øv deg til skriftleg eksamen